Sindre sin blogg …byggeblogg framover

2feb/092

Tur til Hengelo

Det vart ein lang tur dette. Eg reiste frå Hafslo i eitt tida, og landa i Oslo 15:20. Flye til Nederland reiste ikkje før 17:30, so eg hadde litt tid på Gardemoen og. Ca. 19:20 sto eg og venta på bagasjen i Amsterdam, og jammen var det kofferten min som var først ut på bandet, fantastisk! Då var det klart for tog til Hengelo. Det gjekk ikkje noko direkte tog på denne tida, so eg måtte bytte i Amersfoort. Det som skulle ha vore 5 minuttar med venting på neste tog, endte med 50 minuttar.

Noko vart veldig klart på desse 50 minuttane. Det er kaldt i Nederland, veldig kaldt! Og eg var ikkje kledd for kulda, det endte med at eg måtte sprette opp kofferten og ta på meg ein gensar utan på skjorta mi :)

Det endte med at eg ikkje var framme på hotelle før 23:15. Heldigvis hadde eg lagt inn kart over Nederland på GPS-en sånn at eg slapp og leite etter hotelle. - Takk TomTom.
Og hotellet er knall. Utruleg flott rom, og ein heilt OK frukost. Og i morgon har eg store planar om å teste ut badekaret.

Det vart seint i kveld og, so kvifor eg er i Nederland får vente til i morgon. Go natt!

hengelo-1 hengelo-2 hengelo-4 hengelo-5

hengelo-6 hengelo-7 hengelo-8

hengelo-9 hengelo-10

26jan/0911

Tilbake til Barcelona

Juhu! Då var endeleg turen i boks...

Etter å ha leita febrilsk i snart 2 veker no, klarte me endeleg og finne ein plass å reise til. Me var 5 stk som hadde lyst på ein utanlandstur til somaren. Ingen hadde eigentleg noko spesielle ynskjer for kor dei ville reise utanom meg, noko som ein skulle tru gjorde planlegginga mykje enklare. MenUtsida av leiligheten når han som faktisk vart satt til å finne noko er den mest kresne og vansklege, er ikkje alt like lett.

Men i går kveld trudde me at me hadde funne draume huse. Det var eit hus via Apollo med basseng og det heile. Det låg litt over prisgrensa me hadde satt (ca. 5000), men alle var med. Men det viste seg at me måtte ha leigebil, og at det var 70km frå flyplassen +++ Både eg og Kim Henrik, som er den andre herremannen på turen, såg for oss at dette kom til å bli litt mykje styr. Me valde derfor å sjå etter andre alternativ. Kim Henrik tok derfor turen opp i går kveld, og me kom kjapt inn på at Barcelona var eit godt og billig alternativ.

Me fekk faktisk fly tur-retur Barcelona for 1600kr. Å finne hus i Barcelona er ikkje veldig enkelt, so me valde og sjekke dei me leigde leilighet av sist. Desse hadde fått fleire nye, og veldig flotte leilighetar. Valet fallt fort for "El Pintor 3". Denne kom på under 10 000kr for ei veke, noko som gjorde dette til ein voldsomt gunstig tur.

Som nemnt er me 5 stk som skal på tur. Meg, Kim Henrik, Jeanett, Kari & Veronica. Sidan dette er ein so pass triveleg og artig gjeng kan eg ikkje tru anna enn at dette vert ein kjempe tur! Eg ser vertfall fram til å sjå Barcelona att, og eg trur Barcelona føler det same!

Taket pintor3_02 pintor3_03

Tagged as: 11 Comments
11jan/092

14 dagar i Venezuela

Det vart ei litt spesiell jul i år. Sjølve julafta vart feire i ein leilegheit midt i Oslo sentrum, med eit plast juletre på heile 60cm. Eg kan ikkje sei eg kom i noko voldsam julestemning, for det var heller ikkje snø i Oslo. I tillegg måtte me stå opp kl. 0500 25. desember for å reise til Gardemoen.

Turen fekk ein god start med ein rask tur til Gardemoen, og ein smertefri tur gjennom innsjekking og sikkerheitskontrollen. Eg var ganske spent på flyturen, sidan dette var fyrste gong eg skulle på ein so lang ein. Flytida var satt til heile 11 timar, men vinden gjorde at det gjekk på 10.

DSC_2951 (Small)

Sjølv om dei viste heile fire filmar på turen, må eg sei eg kjede meg ein god del på flye. At ein faktisk tilbyr 7 dagars turar med so lang flytid skjønnar eg ikkje, for meg vil alt anna enn 14 dagar vere uaktuelt.

Møte med Venezuela var som alle andre plassar eg har vore, varmt og fuktig. Etter å ha vore over eit halvt døgn på reise var det godt og kome fram, og legge seg ned litt på rommet med aircondition. Standarden på rommet var som venta, heilt grei, ikkje noko luksus. Det skulle vise seg at me hadde eit lite maurproblem på rommet vårt, men det plaga ikkje meg nemneverdig.

Dei første dagane vart stort sett tilbrakt ved bassengkanten, med nokre små turar innom stranda. Bølgjene var nemleg i største laget dei første dagane for enkelte av deltakarane på turen. Men bassengkanten fungerte fint, det var tross alt her dei hadde plassert snackbaren og. Å ligge ved bassege har ein tendens til å verte kjedeleg, men for fyrste gong trivdes eg for bassenge. Det viste seg å vere ein liten ”flokk” med Iguana i trea rundt bassenge, so når eg kjeda meg kunne eg ta fram kamera, og reise DSC_3128 (Small)på Iguanajakt. Særdeles underhaldande.

Men når ein først reise til eit nytt land, må ein nesten ut av hotellet og oppleve litt. Eg kunne godt ha tenkt meg og farta meir rundt i Venezuela, men 14 dagar går forferdeleg fort, og litt av poenget med turen var og slappe av. Hadde me reist på tur annakvar dag, hadde det vorte mykje stress. Men ein og anna utflukt vart det. DSC_3294 (Small)Midtvegs i opphalde reiste me på ”Jeep Safari”. Dette var kort fortalt ein køyre tur rundt heile øya me budde på, ”Isla de Margarita”. Sjølv om det ikkje var so mykje spesielt å sjå på turen, tykte eg det var interessant og sjå kor dei lokale budde, og korleis det mindre turist infiserte områda såg ut. På turen var me og innom mangroveskogen, kor me farta rundt i ein liten båt. Utruleg fasinerande skog dette, det var lite dyreliv i denne, men skogen i seg sjølv er verdt og få med seg.

Me reiste og på ein tur til ei anna øy, nemleg Isla Coche. Me vart frakta at og fram med DSC_3884 (Small)ein Katamaran, og tilbrakte dagen på ei fantastisk fin strand. Dette var ein tur ein hovudsakleg skulle slappe av på stranda, og det var akkurat det me gjorde.

Før eg reiste til Venezuela trudde eg det var eit billig land og leve i, det viste seg at eg tok smerteleg feil. Prisane er ganske like dei me har heime, og enkelte ting er faktisk dyrare. Sidan me budde på eit ”all inclusive” hotell, vart det ikkje dei store utgiftene uansett, men verdt og merke seg.

Det som fasinerte meg mest på turen var veret. Det viste seg at desember er regntida. Dette betydde heldigvis ikkje at det regna heile dagen, men at de kom ei skur og to om dagen. Det gjekk med andre ord i frå strålande sol og blå himmel, til PISSREGN og heilt overskya, og tilbake til sol og blå himmel på 10 min. Heilt fantastisk og sjå på.

Eg kan på det varmaste anbefale andre og reise til Venezuela.

DSC_3023 (Small) DSC_3224 (Small) DSC_3674 (Small)

Tagged as: , 2 Comments
15des/066

2 daga i Egypt

Turen ne gjekk voldsomt grait, me hadde mevind so me slapp undao me 40min pao flyturen. Som vanle va hotelle me skulle pao siste stop te bussen, men heldivis va da berra 3 hotell me skulle innom. Innsjekkingi gjekk grait, aa me vart veldi forn0gde me romme vaort. Me va litt usikkre pao naar da va mat aa slekt pao hotelle, so me vart gaoande utn mat te da va middag kl. 1900. Eg tykte ikkje middagen va so voldsomt, men Jeanett fann no naake ho likte. Me gjekk tile te seng....

I dag sto me opp tile, 7:00.. Frokosten va eg derimot voldsomt fonr0gd me.. Dai hadde f.eks pannekake aa frenchtoast so eg satte stooor pris pao. Jeanett satte stor pris pao at ho kunne fao sjokolade pao pannekakao si :) Itte frukost slo me oss ne f0r bassenge ai liti stund, te vellkomstm0te bj0nte kl.9:30. Dar fekk me no litt informasjon om diverse tura, aa me bestemte oss f0r aa raisa pao ain snorkletur onsdag. Turen gaor te "Dolphins House", som e ait rev dar ain veeeldi ofta ser delfina, naake me sj0lsagt haapa aa gjera.
Itte m0te tufla me litt rundt pao hotelle, men te slutt raiste me ne pao strandi. Da f0rste me gjore naar me kom dit va aa hoppa opp pao ain kamel, aa hompa rundt i ain halve time, kamelen haite f0restn Casanova :) Itte kamelturen, slo me oss ne pao naaki solsenge kor me laog i ait par sekund, f0r  Jeanett va lai aa ville finna pao naake... (ho ha makk i r0vi). So me raiste tebake pao hotelle aa bada litt i bassenge, Jeanett pr0vde aa snorkla..
So va da klart f0r lunsj, aa dan va knall! Di hadde smaoe driiiit goe hamburgara, pomfri, kake, spagetti ++. Dao va me begge forn0gde. Itte lunsjen slappa me taa litt pao hotellromme, f0r me tok turen te mini golf banao, aa slo oss gj0no 18 haal pao ca. 2 min :p
Pao veg tebake stakk me innom ain butikk aa kj0pte litt drit, f0r me tok ain dusj pao romme. No sete me pao ain data me verdens traigaste internet, f0r me ska eta middag. Middagen bj0na 19:00.

Da va alt f0r dinna gongen, mule da kjemme mair ain an dag, men naake bilde blikje da f0r me kjemme haim folkens. Tjohei!