Sindre sin blogg

11Feb/103

Tur til Island

Reykjavik

Då er eg tilbake i Noreg, og klar til å dele nokre tankar om dette flotte landet medresten av dykk.

Reise til Island gjekk med SAS for vår del, men søstera mi nytta seg av Icelandair. Det er ikkje tvil om at Icelandair er det beste alternativet. Dei kunne nemleg skilte med eigen skjerm i kvart sete, kor ein kunne velje blant forskjellige filmar. SAS hadde ingen skjermar.

Me hadde bestilt leigebil for heile opphalde, so når me landa stod det ein kar og venta på oss. Han køyrde oss til bilane, og etter litt formalitetar var me på veg til hotellet i Reykjavik.

Valet av hotell fell til slutt på Center Hotels, Hotel Arnarhvoll. Dette skulle vere eit moderne hotell med OK standard. Det levde vertfall opp til mine forventningar. Ikkje minst var det fint med fri tilgang til tyrkisk bad, som viste seg å vere utruleg avslappande.

Me tilbrakte ein god del tid i hovudstaden Reykjavik. Dette er ikkje noko spesielt stor by, men ein særdeles triveleg by. Byen er rein og fin, å ikkje minst er det veldig greitt å ta seg fram med bil her.

Det beste i Island må ein diverre reise litt lengre for å finne. Då snakkar eg sjølvsagt om desse varme kjeldene som av og til har utbrot. På fagspråket heiter dette ”Geysir”. Dette var fantastisk å sjå, og Strokkur imponerte stort.

Ein anna ting ein berre må oppleve på Island er ”Den blå lagune / Bláa lónið”. Å bade ute når det er 2° i lufta og 30°-48° i vatne er faktisk heilt OK. Med fargen på vatne og all dampen vert det ein utruleg spesiell atmosfære, det heile er utruleg avslappande. Me tok faktisk to turar til ”Den blå lagune”. Det kostar litt, men er absolutt verdt det!

So dette var litt kort om vår tur til Island, eit land eg absolutt vil anbefale alle som har anledning til å besøkje.

3Aug/092

Barcelona 2009

Då er det nesten ei veke sidan eg landa på Gardemoen igjen. Som eg skreiv om tidlegare var me ein gjeng på 6 som hadde leigd ein leiligheit, som me skulle tilbringe ei veke i.

Eg og Kim Henrik hadde jo vore i Barcelona før, men for resten av reiselaget var det fyrste gong, og for ei var det fyrste gong til syden.

Førre gong me var der, var me innom mykje av det kulturelle i Barcelona. Denne gongen vart det berre tull :)

Me var på stranda alle dagane, stranda i Barcelona er veldig bra. Me var på tivoli, dyrepark og akvarium. Alle tre kan anbefalast til dei som tek turen til Barcelona.

Det beste med turen for min del var dyrehagen. Dei hadde veldig mange flotte dyr, eg og Jeanett tilbrakte vell 7 timar i parken.

Til slutt vil eg nemne at eg har satt ny personleg rekord i kva eg har betalt for ein Cola, 10 euro. Reknar med den vert ståande ei stund.

Legg ved nokre bilete eg tok på turen:

Tagged as: , 2 Comments
2Feb/092

Tur til Hengelo – Oppdatert!

Det vart ein lang tur dette. Eg reiste frå Hafslo i eitt tida, og landa i Oslo 15:20. Flye til Nederland reiste ikkje før 17:30, so eg hadde litt tid på Gardemoen og. Ca. 19:20 sto eg og venta på bagasjen i Amsterdam, og jammen var det kofferten min som var først ut på bandet, fantastisk! Då var det klart for tog til Hengelo. Det gjekk ikkje noko direkte tog på denne tida, so eg måtte bytte i Amersfoort. Det som skulle ha vore 5 minuttar med venting på neste tog, endte med 50 minuttar.

Noko vart veldig klart på desse 50 minuttane. Det er kaldt i Nederland, veldig kaldt! Og eg var ikkje kledd for kulda, det endte med at eg måtte sprette opp kofferten og ta på meg ein gensar utan på skjorta mi :)

Det endte med at eg ikkje var framme på hotelle før 23:15. Heldigvis hadde eg lagt inn kart over Nederland på GPS-en sånn at eg slapp og leite etter hotelle. - Takk TomTom.
Og hotellet er knall. Utruleg flott rom, og ein heilt OK frukost. Og i morgon har eg store planar om å teste ut badekaret.

Det vart seint i kveld og, so kvifor eg er i Nederland får vente til i morgon. Go natt!

hengelo-1 hengelo-2 hengelo-4 hengelo-5

hengelo-6 hengelo-7 hengelo-8

hengelo-9 hengelo-10

26Jan/0911

Tilbake til Barcelona

Juhu! Då var endeleg turen i boks...

Etter å ha leita febrilsk i snart 2 veker no, klarte me endeleg og finne ein plass å reise til. Me var 5 stk som hadde lyst på ein utanlandstur til somaren. Ingen hadde eigentleg noko spesielle ynskjer for kor dei ville reise utanom meg, noko som ein skulle tru gjorde planlegginga mykje enklare. MenUtsida av leiligheten når han som faktisk vart satt til å finne noko er den mest kresne og vansklege, er ikkje alt like lett.

Men i går kveld trudde me at me hadde funne draume huse. Det var eit hus via Apollo med basseng og det heile. Det låg litt over prisgrensa me hadde satt (ca. 5000), men alle var med. Men det viste seg at me måtte ha leigebil, og at det var 70km frå flyplassen +++ Både eg og Kim Henrik, som er den andre herremannen på turen, såg for oss at dette kom til å bli litt mykje styr. Me valde derfor å sjå etter andre alternativ. Kim Henrik tok derfor turen opp i går kveld, og me kom kjapt inn på at Barcelona var eit godt og billig alternativ.

Me fekk faktisk fly tur-retur Barcelona for 1600kr. Å finne hus i Barcelona er ikkje veldig enkelt, so me valde og sjekke dei me leigde leilighet av sist. Desse hadde fått fleire nye, og veldig flotte leilighetar. Valet fallt fort for "El Pintor 3". Denne kom på under 10 000kr for ei veke, noko som gjorde dette til ein voldsomt gunstig tur.

Som nemnt er me 5 stk som skal på tur. Meg, Kim Henrik, Jeanett, Kari & Veronica. Sidan dette er ein so pass triveleg og artig gjeng kan eg ikkje tru anna enn at dette vert ein kjempe tur! Eg ser vertfall fram til å sjå Barcelona att, og eg trur Barcelona føler det same!

Taket pintor3_02 pintor3_03

Tagged as: 11 Comments