Sushi
Ja, då har me smakt sushi for første, og kanskje siste gong...
Me laga oss ein variant kvar. Eg laga med kylling og Jeanett med agurk, gullerot og stangselleri.
Eg kan avsløre med ein gong at det beste med sushi er tilbredinga. Det var faktisk ganske artigt å lage det, smakinga var det verre med...
Me måtte sjølvsagt ta nokre bilete av dette. Her er Jeanett sitt første og siste bit:
Her er mitt første og siste:
Men det var ei som likte maten...
Pizza masseproduksjon
Det er ei stund sidan sist no. Grunnen er at eg kun har liknande nerdete ting og skrive om som sist, og eg trur ikkje dette interesserar lesarane mine alt for mykje. Men om nokon skulle vere interessert i og høyre om C# programmering, sei i frå
Men mat er jo noko som interesserar dei fleste, og no meg. Førre veke bestemte eg meg for å byrje og leve litt sunnare, med trykk på litt. Eg er utruleg glad i pizza, og er ein ivrig kjøpar av RIMI sin billege margarita. Det fine med denne er at han er kjapp og steike, og at eg kan variere kva fyll eg vil ha.
Sunnare måltid var nødvendig for min del, men å kutte ut pizzaen var sjølvsagt uaktuelt. Løysinga vart derfor og lage nokre ferdige pizza botnar, og fryse dei. Til dette prosjekte valde me og bruke oppskrifta frå "Gor Morgen Norge" på TV2. Me dobla oppskrifta og valde og bruke 500 gram grovt mjøl, og 500 gram vanleg. Reknar med det er rom for å gjere denne pizzaen endå sunnare, men eg tykkjer dette er ein god start.
Etter å ha baka i nokre timar vart det sjølvsagt pizza til kvelds på både meg og Jeanett
Bilete følgjer som vanleg...




















