Stålpipa i hus
Peisen og pipa er komen i hus, og det ser ikkje so verst ut.
Me har henta og montert garderoben vår (dritt jobb).
Kjøkenet går det seint med. Me ventar framleis på benkeplata som skulle ha vore levert 1. april.
Golv på soverom
Endå ein dag med mykje aktivitet.
- Golv er lagt på to soverom.
- Nesten heile gangen er plata.
- Elektrikaren har gjort klart vaskerommet, badet i andre og dei siste downlight kassane.
Heldigvis er begge veldig nøgde med golvet (Kronotex Mammut Hvit Eik), trur det bli utruleg fint når det er lagt i alle rom.
Og no har me glaskarmar
No skjer det ting igjen!
Denne veka kjem det til å skje mykje. Dei skal jobbe i huset vårt heile veka frå og med i dag.
I dag fekk dei plata heile stova og kjøkkenet. Utover i veka vert truleg baderomsinnredninga montert og golvet på soveromma lagt. So dette ligg an til å bli ei utruleg bra veke!
Har gjort nokre små endringar på vaskerommet rett før me skal bestille det. Har endra eine skåpe til skuffar, og endra benkeplata til kvit eik.

















