Sindre sin blogg …byggeblogg framover

14apr/097

Vår første vaskemaskin

Leiligheita er i boks, men ny som ho er kjem ho med nokre "manglar". Kvitvarer for eksempel, alt manglar. Men heldigvis har me god tid til og handle dette, noko som gjer at ein har større sjanse til å plukke om nokre gode tilbod.upo_wf3504_rgb

Allereie i dag håpar eg at me kom over eit godt tilbod, me har i vertfall kjøpt oss ei ny vaskemaskin. Elkjøp hadde i dag ei UPO WF5004 vaskemaskin som sitt dagstilbud, om nokre av dykk er på jakt etter ei er ho framleis tilgjengleg til 1 995,- i nettbutikken deira.

Eg er klar over at dette truleg ikkje er verdas beste vaskemaskin, men eg er rimleg sikker på at ho vil gjere nytta. Håpar eg ikkje tek feil..

Då står komfyr, kjøleskåp og oppvaskmaskin for tur neste... Me tek sjølvsagt mot donasjonar i form av peng.

2apr/098

Min første bolig

Nokre av dykk har sikkert fått me seg at eg skal til Gjøvik om nokre månedar. Ein del har sikkert og høyrt at eg var litt i tvil om eg skulle leige eller kjøpe leilighet, sjølv om eg heile tida har hatt mest lyst til å kjøpe.

I går var eg faktisk på tur til Gjøvik. Eg hadde då avtale om to visningar. Den eine var ein stor og fin leiligheit i eit gamalt hus (1900), den andre var litt mindre men flunkande ny.

Det var den gamle me såg på først, denne falt absolutt i smak, men det var tydleg at eigaren var ein hobbysnekkar, og ikkje ein veldig tyktig ein. Men det hadde absolutt vore ein fin plass og bu. Annonsa kan de sjå her.

Den neste me skulle sjå på låg ca. 200 m vekke i eit totalt renovert bygg. Sjølv om alt her var nytt, vart me noko skuffa når me kom inn døra. Stova var nemleg ein god del mindre enn det me hadde sett føre oss. Men det var fleire ledige i denne byggningen, den me vurderte var sjølvsagt den rimlegaste, men de endte med at me såg på 3 andre og.

Bilturen heim gjekk med til å diskutere kva me skulle kjøpe, og alle var i grunn samde om å gå for det "trygge" valet. Ein ny og dyr leilighet :)

So i dag tidleg sendte me inn eit bud 100 000 under takst på ein av dei nye, hadde eigentleg ikkje store forventningar om at dette skulle verte akkseptert. For det var nemleg satt ein fastpris på desse.

Fekk uansett veldig rask tilbakemelding frå meglaren om at dei ikkje hadde godteke bodet, og då slo eg til me ein gong på fullpris.

So då kan de gratulere oss. Eg og Jeanett har no fått oss leiliheit i Gjøvik, me får nøkkelen 1. juli!

leilighet-1

Filed under: Dagen min 8 Comments
31jan/099

Se&Hør på besøk

seoghor_logo_smallFor dei av dykk som ikkje føler for å lese i kveld, skal eg gjere det kort: Kjøp Se&Hør på tysdag.

Det er i grunn ikkje so mykje å fortelje om det heile, men Se&Hør var innom ein tur i dag. Eg er litt usikker på grunnen til det heile, for det er lite nytt og melde sidan dei sist var her. Men mor får i vert fall rydda og vaska huse om ikkje anna, so noko godt kjem det alltid ut av desse reportasjane.

Og til alle dei som no sit og tenkjer "Åååå herregud for ein PR-kåt familie..." FEIL! Dette var ikkje noko familien gjekk inn i samstemt. Far kom med denne gledelege meldinga fredag, og laurdag sto dei på tråppa. Eg skal ikkje legge fingrane mødlo her. Ein i familien trives godt i media, men det er tross alt jobben hans og, til ein viss grad :)

Eg må sei eg er spent på korleis hovudbilde vert sjåande ut, det var sjølvsagt eit koseleg familiebilde i kjent Se&Hør stil.

For at de ska få eit innsyn i det heile tok eg sjølvsagt fram kamera, og tok bilde av alt tulle:

Se&Hør besøk Se&Hør besøk Se&Hør besøk Se&Hør besøk

Tagged as: 9 Comments
27aug/086

Nokon har tukla med dama mi…

Det skulle vise seg når dama mi kom heim i dag at noko hadde skjedd. Ho hadde nemleg vore innom ”Midgardsormen” etter skulen.

Kven er so denne ”Midgardsormen”? Jo, det er mannen som driv og stikk hol i folk, og denne gongen hadde han fått tak i Jeanett. Det høyres kanskje ikkje sånn ut, men ho gjorde det frivillig. Ho reiste dit for å bli stukken mellom 80 og 150 gonger i sekundet av ei eller fleire nåler.

Nokon vel nok å sjå på dette som galskap, men ikkje Jeanett… Ho betalte 900kr for det J

Resultatet (ein sommarfugl) kan sjåast under på ein nydeleg ikkje barbert fot, fantastisk.

DSC_2284 (Large)

Filed under: Dagen min 6 Comments