Siste nytt
Nokre er kanskje litt nyfikne på kva eg eigentleg driv med om dagen, og om det har skjed noko nytt.
Eg går altso på "Informasjonssikkerhet" ved HiG. Fram til jul skal eg ha tre forskjellige fag: "Grunnleggende programmering", "Mattematikk for informatikkfag" og "Innføring i informasjonssikkerhet".
Programmering ser ut til og gå ganske greit, sidan eg har ein del erfaring frå diverse språk. Sjølv om me no skal lære C++ som eg ikkje ha noko erfaring med, er det mykje likt med andre språk.
Matte var kanskje det eg såg mørkast på, til no går det greit, men det er ikkje veldig lenge til første prøven.
Innføring i informasjonssikkerhet hadde eg ikkje noko forventning til, men det viser seg og vere eit nokså interessant fag. Her har me faktisk fått eit gruppearbeid allereie, utan at eg veit kem 50% av personane på gruppa mi er. Kjekt...
Ellers går mykje av dagane til studering, fiksing av leilegheita, jobb og ikkje minst tørke piss og drit etter ein kvelp me har på lån.
Leilegheita byrjar faktisk og kome i orden no, eg byrjar vertfall og bli fornøgd. Har jo f.eks gått til innkjøp av akvarium, noko eg har særs stor tru på. Ellers ventar me på ein ny sofa som truleg vert levert om 14 dagar. Og ikkje minst har me investert i litt meir underhaldning, nemleg ein Nintendo Wii. Noko som til no har vore eit godt kjøp! For dei av dykk som er nyfikne på korleis han ser ut om dagen kan eg glede dykk med nokre nye bilete:
- Jeanett spelar gode gamle “Donkey Kong” på Wii’en
- Bakerst kan de skimte vårt framtidige bonsai tre.
- Slepp å myse for å sjå kva klokka er
- Bord til akvarie er bestillt
- “Bonsai” tree vårt frå IKEA
- Litteraturen i hylle er boka “Gray Hat Hacking : The Ethical Hacker’s Handbook”
Kjem nok meir om akvarium når det byrjar å kome noko i det
Hunden me har hatt på lån reiste faktisk heim i dag. Eg og Jeanett kan med andre ord sjå fram til ein liten ferie til Xtra kjem heim
Vert litt tomt utan ein hund hoppande rundt her...
Eg vil nok kome tilbake til akvariume vårt når borde kjem og me byrjar og innrede, mogleg eg må skrive litt om alle plantene vore og, og ikkje minst bør eg lære dykk om litt om informasjonssikkerheit.
Vår første vaskemaskin
Leiligheita er i boks, men ny som ho er kjem ho med nokre "manglar". Kvitvarer for eksempel, alt manglar. Men heldigvis har me god tid til og handle dette, noko som gjer at ein har større sjanse til å plukke om nokre gode tilbod.
Allereie i dag håpar eg at me kom over eit godt tilbod, me har i vertfall kjøpt oss ei ny vaskemaskin. Elkjøp hadde i dag ei UPO WF5004 vaskemaskin som sitt dagstilbud, om nokre av dykk er på jakt etter ei er ho framleis tilgjengleg til 1 995,- i nettbutikken deira.
Eg er klar over at dette truleg ikkje er verdas beste vaskemaskin, men eg er rimleg sikker på at ho vil gjere nytta. Håpar eg ikkje tek feil..
Då står komfyr, kjøleskåp og oppvaskmaskin for tur neste... Me tek sjølvsagt mot donasjonar i form av peng.
Min første bolig
Nokre av dykk har sikkert fått me seg at eg skal til Gjøvik om nokre månedar. Ein del har sikkert og høyrt at eg var litt i tvil om eg skulle leige eller kjøpe leilighet, sjølv om eg heile tida har hatt mest lyst til å kjøpe.
I går var eg faktisk på tur til Gjøvik. Eg hadde då avtale om to visningar. Den eine var ein stor og fin leiligheit i eit gamalt hus (1900), den andre var litt mindre men flunkande ny.
Det var den gamle me såg på først, denne falt absolutt i smak, men det var tydleg at eigaren var ein hobbysnekkar, og ikkje ein veldig tyktig ein. Men det hadde absolutt vore ein fin plass og bu. Annonsa kan de sjå her.
Den neste me skulle sjå på låg ca. 200 m vekke i eit totalt renovert bygg. Sjølv om alt her var nytt, vart me noko skuffa når me kom inn døra. Stova var nemleg ein god del mindre enn det me hadde sett føre oss. Men det var fleire ledige i denne byggningen, den me vurderte var sjølvsagt den rimlegaste, men de endte med at me såg på 3 andre og.
Bilturen heim gjekk med til å diskutere kva me skulle kjøpe, og alle var i grunn samde om å gå for det "trygge" valet. Ein ny og dyr leilighet
So i dag tidleg sendte me inn eit bud 100 000 under takst på ein av dei nye, hadde eigentleg ikkje store forventningar om at dette skulle verte akkseptert. For det var nemleg satt ein fastpris på desse.
Fekk uansett veldig rask tilbakemelding frå meglaren om at dei ikkje hadde godteke bodet, og då slo eg til me ein gong på fullpris.
So då kan de gratulere oss. Eg og Jeanett har no fått oss leiliheit i Gjøvik, me får nøkkelen 1. juli!
Se&Hør på besøk
For dei av dykk som ikkje føler for å lese i kveld, skal eg gjere det kort: Kjøp Se&Hør på tysdag.
Det er i grunn ikkje so mykje å fortelje om det heile, men Se&Hør var innom ein tur i dag. Eg er litt usikker på grunnen til det heile, for det er lite nytt og melde sidan dei sist var her. Men mor får i vert fall rydda og vaska huse om ikkje anna, so noko godt kjem det alltid ut av desse reportasjane.
Og til alle dei som no sit og tenkjer "Åååå herregud for ein PR-kåt familie..." FEIL! Dette var ikkje noko familien gjekk inn i samstemt. Far kom med denne gledelege meldinga fredag, og laurdag sto dei på tråppa. Eg skal ikkje legge fingrane mødlo her. Ein i familien trives godt i media, men det er tross alt jobben hans og, til ein viss grad
Eg må sei eg er spent på korleis hovudbilde vert sjåande ut, det var sjølvsagt eit koseleg familiebilde i kjent Se&Hør stil.
For at de ska få eit innsyn i det heile tok eg sjølvsagt fram kamera, og tok bilde av alt tulle:













