Sindre sin blogg …byggeblogg framover

1des/100

Vår nye bil

avensisJa, det vart bilkjøp i går. Me er no den lykkelege eigaren av ein "splitterny" Toyota Avensis :)

Var jo so heldig at eg fekk prøvekøyre han 400km i går, og må sei meg svært nøgd med kjøpet.

Dei tok 120k servicen på bilen før dei leverte han, so eg håpar det ikkje vert nokre store utgifter det neste året.

Kanskje eg kan ta nokre bilete av gliset i helga. I måro reiser me til Førde på ultralyd.

29nov/102

Bilkjøp?

Då er me plutseleg i Oslo. Køyrte rett til Toyota Follo i dag for å sjå på ein Toyota Avensis. Kom fram i det dei skulle til å stengje, men me fekk no vertfall sett bilen. So i morgo skal me tilbake for å få Audien taksert, og forhåpentlegvis bli einige om pris. Om alt går etter planen køyrer me heim til Hafslo i ein Avensis i morgo.

19feb/085

Kva det kostar med bil

Når eg kjøpte meg bil var eg fullstendig klar over at det ville kosta meg nokre kroner i ny og ned, men at det skulle bli sooo dyrt overaska meg litt.

Bil inkl.omreg.:  75 000
Nye vinterdekk:  5 195
Service:  5 781
Årsavgift:  2 660
Forsikring:  16 000
Totalt:  104 636

Det er mykje peng dette. Servicen eg har vore på vart det og funne ein del feil som ikkje er retta endå, avventar for å sjå kva som vert dekka av garantien. Men eg håpar at utgiftene ikkje kjem til å stige meir, og at eg slepp alt for mykje tull med bilen. For det er faktisk meir enn dyrt nok med ein bil som fungerar.

Tagged as: , 5 Comments
9des/074

Min første bil!

Då er bilen komen til Hafslo, og eg reknar med de alle har lyst å sjå nokre bilete av vedunderet!

audi_a3_00.jpg audi_a3_01.jpg audi_a3_02.jpg

audi_a3_03.jpg audi_a3_04.jpg audi_a3_05.jpg

Bilen står no og kosar seg på 15" felgar, til somaren kjem han til å trille rundt på 16". Akkurat no er det kassettspelar i bilen, men denne kjem til å bli bytta innan kort tid. Har litt problem med å bestemme meg for kva eg skal sette inn, men eg har eit par kandidatar: Panasonic CQ-C3355N, Alpine CDE-9881RB.

Eg hadde litt problem over Hemsedal når eg skulle heim til helga, kjem derfor til å invistere i nye vinterdekk trur eg. Kjem då til å gå for testvinnaren til Motor.no, Gislaved Soft Frost 2 (piggfrie).

Ellers er eg nøgd med bilen. Han er god å køyra og ser voldsomt bra ut.

Tagged as: 4 Comments