Fleire val er teke… Berre 1000 igjen
Det er utruleg mange ting ein må bestemme når ein byggjer hus, heldigvis byrjar det å minke på lista no...
I helga vart det bestemt at me skal ha peisen du ser til høgre. Det er ein Jøtul F 373 som me likar svært godt. I tillegg skal me ha stålpipe som vist på bilete. Ein fin funksjon ved denne peisen er at ein kan kjøpe ei dreieplate som ekstrautstyr. Dette gjer at ein kan snu peisen 360° i rommet. Ein fin detalj.
Men det er ikkje noko oppbevaringsplass til ved i denne peisen, so her må me finne på ei smart løysing.
Ytterdøra er noko me har brukt mykje tid på. For i standardleveransen er det sjølvsagt berre ei billeg standarddør. Og som alltid når ein avvik frå standarden, kostar det. 
Uansett har me valt å finne ei dør me likar. Å valet er NorDan Kvadraten. Døra vert som vist til venstre, men i kvit.
Trur denne døra kjem til å passe godt til dørane me skal ha inne.
Inne har me nemleg gått for Trenor Silhuett 3 og Kontur 3, som vist under.
Og sist men ikkje minst har me vore i nytt møte med Luster Energiverk og klart å kutte 50 000,- på EL-installasjonen. Ved å gå i frå LED belysning til vanleg 12v halogen var dette mogleg. Sidan prisen pr. punkt er mindre, og at ein kan klare seg med færre punkt pga. spredninga på lyse.
Det me slit mest med å bestemme no, er golve i stove/spisestove/kjøken. Me likar begge nokre grålege golv, men vil gjerne sjå dei i verklegheiten før me tek valet. Og i Sogndal var ikkje utvale mykje å skryte av. Quick-Step Wenge Passionata er eitt alternativ.
Gode idéar er sjølvsagt velkomne.
Related posts:


august 17th, 2010 - 10:24
Ser ut som de har tatt bra val til no!