Sindre sin blogg …byggeblogg framover

15jan/108

Val av eigendomsmeklar

På planen i dag stod det to avtalar. Kl. 09:00 skulle DnBNOR komme og sjå, og 12:00 skulle GARANTI Eiendomsmegling besøke oss.

Det enda med at avtalen med GARANTI vart avlyst på kort varsel. DnBNOR klarte nemleg å få meg til å skriveunder med ein gong.

At det kostar litt og selgje bustadar var eg klar over, men eg må innrømme det var noko dyrare enn venta:

Grunnpakke markedsføring: kr 6.900,-
Tilrettelegging: kr 9.900,-
Visning pr.gang: kr 1.750,-
Meglerprovisjon: 2.5% (minimum kr 25.000,-)

I tillegg til dette kan det kome meir dersom salet tek meir enn 6mnd, og det er sikkert diverse gebyr eg ikkje har teke med.

Det vert utruleg spanande å sjå korleis responsen vert framover. Håpar verkleg me finn nokon som likar det dei ser, og ikkje minst at meklaren vår Gry gjer ein god jobb.

Related posts:

  1. Ny bil & jobb
  2. Kva det kostar med bil
Comments (8) Trackbacks (0)
  1. HEi pao deg, ja ting endra seg fort…………..
    Lukke te med salet, da vette spennande å sjao korleis detta gaor

    God helg

  2. Hadde no trudd du skulle fått tilbakebetalt om dei ikkje ha solgt da pao 6mnd, er jo dei som ikkje har klart å gjere jobben sin :P

    • Det vert litt rart sidan det er me som bestem om me vil selje eller ikkje. Meklaren skal jo hovudsakleg markedsføre og hente inn bod til oss. Er jo me som vel og godta bode eller ikkje.

      Markedsføringa kostar jo ein del pengar, og denne må me betale uansett.

  3. Einig med Daniel! Dårleg avtale!
    E det ingen garanti?

  4. Fekk det antyda ein pris? Sa dere ke pris de vil vera fornøgde med?

    • Me har jo som mål og få dekka lånet sjølvsagt, men igjen er det opp til oss når me vel og selgje.

      • Finns vel meklara som ha da sånn at du sleppe å betala noke som helst viss boligen ikkje bli solgt. Nylander Eiendom ha da sånn iallefall, men berre i midt-Noreg meina eg dessverre…

        • Jøss… Dersom dei ikkje har nokre krav er det veldig rart. Meklaren har jo masse dokumentutgifte, og ikkje minst marknadsføring.

          Kanskje eg valde feil…typisk.. :/


Leave a comment

Trackbacks are disabled.