Sindre sin blogg …byggeblogg framover

7nov/097

Food, Inc

Endeleg kjem det ei lita film anbefaling frå meg igjen. Er nemleg nettopp ferdig med å sjå dokumentarfilmen "Food, Inc", som gjorde eit ganske sterkt inntrykk.

Filmen handlar om matindustrien i USA si mørke side. Filmen syner oss kva som ligg bak hamburgarane me finn hjå f.eks McDonalds. Og eg for min del fann det heile særs interessant!

Dette er ein film som på inga måte prøver å vere objektiv. Ein kan sei filmen er i same stil som Michael Moore sine filmar, men dei prøvde faktisk å syne saka frå begge sider, men ingen av selskapa ville kommentere saka. I mine auge syner dette at dei veit dei ikkje kan forsvare det dei driv med.

Eg vel å tru at matindustrien i Noreg held noko betre stand enn det som er tilfelle i USA, men eg trur likevel eg kjem til å sjå meg om etter økologiske alternativ i framtida.

Terningkast: t5

Related posts:

  1. Bandidas
  2. Get Rich or Die Tryin’
  3. Izzat me hyggele selskap
Comments (7) Trackbacks (0)
  1. No har eg sett filmen og. Den var som du seier på ingen måte objektiv, men temaet var jo interessant. At produsentane ikkje stiller opp trur eg kan skuldast like mykje at dei veit at uansett kva dei seier i ei sånn setting så vil det bli vinkla mot dei. Eg skal ikkje sei at dei ikkje har noko å skjula, men dei ville aldri fått ei rettferdig vinkling i ein sånn film.

    Men det var gledeleg å sjå at filmen faktisk fokuserte på at det er folk sjølv som bestemmer kva som blir produsert og solgt, framfor å berre skylda all elendigheita på den forferdelege industrien og dei superkyniske kapitalistane :)

    Eg er enig i terningkastet. Filmen kan absolutt anbefalast :)

  2. Men ein anna viktig ting i filmen var korleis arbeiderane vart behandla. Her ser ein klart og tydleg at dei faktisk er superkyniske.

  3. Takk for tipset! Høyres ut som ein film for meg.
    Og at du ska sjå etter økologiske alternativ e som musikk i øyrene mine :)
    vel økologisk iallfall når prisforskjellen e liten, da e da beste for deg, bøndene, dyra og vår kjære jord!

  4. Hei pao deg, ja detta var nok gledleg å lesa for syste di so studerar ernæring.
    Og da va fint å lesa for meg at du er oppteken av arbeidstakarane sine rettar, luktar fagforeiningsmedvit av da.
    Lukke te i ny jobb frao i morgon. Eg ska bl a i møte med ein av dei nye statsrådane i morgon.

  5. Åj, eg å Sindre so ha blitt meir fokuser på økologiske produkt, melk, egg, havregryn, rømme o.l :S Hmm.. Ikkje bra..

  6. Jau, da e bra!! Eg e stolt av dikka :)


Leave a comment

Trackbacks are disabled.