Sindre sin blogg …byggeblogg framover

12sept/094

Oppstart av akvarium

Det er ei stund sidan me kjøpte akvarium no, men det er ikkje før no det har begynt og sjå ut som eit!

På tysdag hadde dei endeleg fått inn sanden me har venta på, so me kjøpte sjølvsagt med ein gong og kasta han oppi. Det er jo sjølvsagt kjekt og få sand i akvariume, men fire dagar seinare og det er framleis litt uklart vatn.

Hadde i utgangspunktet bestillt eit bord frå Trondheim, men dei hadde det ikkje på lager. Heldigvis hadde dei fått inn eit her i Gjøvik, so no er jammen bord på plass og.

Etter at det hadde stått i to dagar var sanden begynt og leggje seg, og me kunne endeleg skaffe oss nokre innbyggjarar. Me valde og kjøpe ein Praktbotia og tre Guppyar. Guppyar er kjende for og yngle mykje og dei to jentene våre er begge gravide. So om ein stund vil me kanskje ha maaange Guppyar.

Det var kjekt med fisk, men me syns jo det var litt lite med berre 4 stk. i eit so stor akvarium. Dagen etter flytta derfor 3 nye inn. Denne gongen var dei ein leopard malle (Corydoras Julii) og to Platy.

Comments (4) Trackbacks (0)
  1. Lever fiskane fortsatt?

    Har dere 2 forskjellige typar fisk eller fleire?

  2. Leve fortsatt. Ein va sjuk, men han fekk me bytta i ein ny.

    Å når me bytta han kjøpte me i tilleg 2 te :)

    So no ha me 4 forskjellige, og totalt 9 fiska.

    Men dyrebutikken her faor inn nye fiska pao onsdag, so dao e da mule me ska kjøpa nåken flaire…vis di faor inn nåken tøffe.

    Kan helsa Sander å sai me ha 2 støvsugar fiska =)

  3. Eg vil foreslå eit fiskenavn.

    Tore er eit stødigt norsk navn med røtter til den norrøne guden Tor. Direkte oversatt tyder det tordenkjempe og torevær.

    Eit slikt flott namn må vera perfekt til ein støvsugarfisk….

    Mit forslag vert då: Støvsugarfisken Tore

  4. Haha, nydle!

    Me har no bestemt at den store/tjukke støvsugaren skal få namnet «Støvsugarfisken Tore».

    Det er med andre ord eit bilde av deg på bloggen (Corydoras Julii Aka. Tore).


Leave a comment

Trackbacks are disabled.