Eg har kjøpt iPhone…
...til Jeanett.
Jeanett har hat gebursdag, og til den fekk ho ein ny mobil. Eg har jo sjølv hat lyst på iPhone sidan han først vart lansert, men har alder spandert ein på meg. Og no når eg først kjøpte ein, var han ikkje ein gong til meg.
Modellen ho fekk er iPhone 3G 8GB.
Men som alle investorar vil eg sjølvsagt ha litt kontroll på investeringa mi. Eg har med andre ord leikt ein heil del med telefonen. Og ja, eg er forelska!
Det er ein del negativt ein kan sei om Apple sin telefon, men det er endå meir og like ved han.
Når det gjeld trykkfølsom skjerm har Apple den beste eg har brukt til no, og alt av menyar er utruleg enkelt og navigere gjennom med fingrane.
Men det verkleg revolusjonerande med iPhone er "App Store". Dette er ei vevside dei har laga til for nedlasting og kjøp av program/spel til iPhone. Her finn ein eit enormt utval, mykje bra er gratis, og vel ein og bruke litt pengar får ein ei mobiloppleving ingen anna telefon kan måle seg med.
Eg skal halde det litt kort no, for eg kjem nok til bake med meir. For det er nok ikkje lenge til eg bestiller meg ein iPhone 3GS 16GB
Related posts:



