Sindre sin blogg

15Jun/096

If forsikring, ikkje for alle..

iflogoDen siste tida har eg vore i gong med eit enormt prosjekt. Nemleg det og skifte/etablere forsikring. Det heile starta med at eg vart oppringt av ein seljar frå selskapet If. Han ville gje meg eit betre tilbod enn det eg hadde hjå Gjensidige. Det vart mange telefonar, og utruleg mange tilbod pr. post att og fram.

Og dette er noko If bør forandre! Å sende nye forslag via post i 2009 er ikkje nødvendig, Gjensidige sender på e-post.

Til no vil eg tru eg har fått samla nærare 10 tilbod. Og det har vore rot frå første stund. Eg fekk sjølvsagt nummeret til min kontaktperson ved If, men dei (ja, eg har hatt fleire) tok sjølvsagt alder telefonen, og ringte meg heller alder tilbake for oppfølging. So til saman har eg nok snakka med 10 forskjellige og...

Det var snakk om ein del forsikringar dette. 2 personar, 1 bil og 1 leilegheit. Alt dette låg an til å verte nærare 14 000 kroner. Men desse pengane kan If sjå langt etter!

For eg valde nemleg og gå for Gjensidige i staden, noko eg so langt ikkje angrar eit sekund på. Men sjølv om eg annullerte forsikringa hjå If, og fekk beskjed om at eg gjorde det i tide for og ikkje bli belasta, dukka det ei overrasking opp. For saman med annulasjonen låg ein faktura. Ein faktura på 2 800,-. Det sto sjølvsagt ikkje noko om kva dette var for, so eg heiv meg på telefonen for å prøve og finne ut kva dette var for noko. Forklaringa eg fekk var at eg allereie hadde godteke forsikringa og at dette var prisen for 1 mnd. Noko som var heilt latterleg sidan eg fekk det siste prisforslaget same dagen som denne fakturaen kom.

Dei påfølgjande dagane ringe eg mange gonger, og eg vart lova at ei dame skulle ringe meg opp igjen noko ho ikkje klarde og gjere. Noko eg skjønnar godt, for ho hadde jo tross alt lurt meg trill rundt. Til slutt tok faktisk ein svenske hjå If tak i saka mi, og i dag klarde han og kome fram til ei løysing eg motvillig godtok for å få denne saka ut av verda. Det enda med at eg måtte betala 460,-.

If forsikring har opptredd utruleg dårleg i denne saka, og eg kjem neppe til og bli ein framtidig kunde hjå dei, og eg håpar dei færraste av dykk vert!

Related posts:

  1. Mac til alle?
  2. If forsikring, framleis ubrukleg
  3. 13 ting du ikkje viste om Tore
  4. Ny TV, men ikkje Panasonic
  5. Ny faktura frå If
Comments (6) Trackbacks (0)
  1. Skjønnar ikkje at du godtok å betala noko som helst. Det er jo rein svindel.

  2. Skal holda meg unna dei ja!

  3. Hei Sindre.

    Vet ikke om du er klar over det, men faktisk har du angrefrist på en slik forsikring, og det gjelder fra den dato du underskreiv kontrakten (eller akspeterte kontrakten)fordi du har egentlig handlet på “postordre” eller telefonsalg, og det er jo egentlig det samme. Jeg var ute fra en lignende sak selv fra nettopp IF. Jeg sa jeg at jeg anså min aksept å være fra den dato forsikringen startet, og dermed var angrefristen 14 dager etter detta. Dem kan sende så mange tilbud dem bare ønsker, men uansett så er det ikrafttredelses datoen som er gjeldene + 14 dager. Frem til dato for ikrafttredelse, er du jo egentlig hos et annet selskap. Vet ikke om dette kan hjelpe deg, men jeg hadde aldri akseptert å betale 1 kr til IF med slik rot som dem har holdt på med.

  4. Nei, eg burde nok ikkje ha gått me på å betala noke so helst, men da e nåke me atte ein ikkje gidda å bruka fritidn sin pao å krangla me sleke idiota.

    Men no ha eg jo drive mykje go reklame før If forsikring, so eg håpa andre ikkje bruka dei.

  5. Vart oppringt av ein selgjar fra If nyleg, dao va da greit å visa til saken din og konkludera med at eg ikkje kom til å tegna forsikring med dei. Takk for at eg slapp den runden Sindre:D

  6. Klokt valg Kjell Magne, veldi klokt! :)


Leave a comment


Trackbacks are disabled.