Min første bolig
Nokre av dykk har sikkert fått me seg at eg skal til Gjøvik om nokre månedar. Ein del har sikkert og høyrt at eg var litt i tvil om eg skulle leige eller kjøpe leilighet, sjølv om eg heile tida har hatt mest lyst til å kjøpe.
I går var eg faktisk på tur til Gjøvik. Eg hadde då avtale om to visningar. Den eine var ein stor og fin leiligheit i eit gamalt hus (1900), den andre var litt mindre men flunkande ny.
Det var den gamle me såg på først, denne falt absolutt i smak, men det var tydleg at eigaren var ein hobbysnekkar, og ikkje ein veldig tyktig ein. Men det hadde absolutt vore ein fin plass og bu. Annonsa kan de sjå her.
Den neste me skulle sjå på låg ca. 200 m vekke i eit totalt renovert bygg. Sjølv om alt her var nytt, vart me noko skuffa når me kom inn døra. Stova var nemleg ein god del mindre enn det me hadde sett føre oss. Men det var fleire ledige i denne byggningen, den me vurderte var sjølvsagt den rimlegaste, men de endte med at me såg på 3 andre og.
Bilturen heim gjekk med til å diskutere kva me skulle kjøpe, og alle var i grunn samde om å gå for det "trygge" valet. Ein ny og dyr leilighet
So i dag tidleg sendte me inn eit bud 100 000 under takst på ein av dei nye, hadde eigentleg ikkje store forventningar om at dette skulle verte akkseptert. For det var nemleg satt ein fastpris på desse.
Fekk uansett veldig rask tilbakemelding frå meglaren om at dei ikkje hadde godteke bodet, og då slo eg til me ein gong på fullpris.
So då kan de gratulere oss. Eg og Jeanett har no fått oss leiliheit i Gjøvik, me får nøkkelen 1. juli!
Related posts:

april 2nd, 2009 - 14:23
Jøss, ser bra ut! Gratulera!!
E da rommet mitt eg ser dar nede i høgre hjørnet?
Gler meg t å koma på besøk!
april 2nd, 2009 - 16:18
Takk, å da e veldi bra. E jo flunkande nytt! =)
Romme ditt e da mørkebrune heilt te venstre.
Me trenge sikkert litt flytte hjelp, du e hjertle velkommen dao
april 2nd, 2009 - 19:05
Ser kjempe fin ut!
april 2nd, 2009 - 20:34
Hei sonen, gratulera som ung huseigar og ung gjeldsslave.
Da gaor nok bra detta. Dan e fin og lett å selga, du kan vera glad for at eg ville inn og sjao pao denne, fø de var jo pao veg ut
april 4th, 2009 - 19:58
Gratulerar med leil!!
april 8th, 2009 - 17:17
Hei Sindre!
Gratulerer med leilighet. Det blir spennende med ny leilighet, nytt sted og ny skole.
Alt godt.
Tove
april 8th, 2009 - 22:40
Grattis med bolig:-) Gler meg til å sjå den i virkeligheten
april 14th, 2009 - 20:39
Takk, takk!
Me gledar oss VELDIG til og byrje innflyttinga!