Discovering Visual DataFlex
Eg er då på eit 5 dagars kurs i Visual DataFlex 14.0. Truleg har ingen av dykk høyrt om Visual DataFlex, men det er faktisk eit programmeringsspråk på linje med C#, C++, VisualBasic, osv. Men VDF er spesialisert, og er laga for å kunne sette saman database applikasjonar raskt og effektivt. Skal du lage noko som ikkje jobbar mot ein database, kan du finne noko anna å bruke med ein gong. Dømer på applikasjonar VDF passar til er: ordresystem, timregistrering, inventar, osv.
Som nokon kanskje har forstått er det dette NTP sitt ordresystem er skrive i. VDF er eit svært gamalt språk, noko eg meinar ein tydleg kan sjå på syntaksen. Vis me samanliknar med C# f.eks som eg og leikar meg med, vil ein skrive dette:
int telephoneNumber = 99999999;
Skal ein gjere det same i VDF, vil det sjå sånn ut:
Integer iTelephoneNumber
Move "99999999" to iTelephoneNumber
Dette var eit enkelt døme for å vise litt av forskjellen.
Det har med andre ord vore nokre harde dagar. Me byrjar ca.09:00 og driv på til 17:00, då har me kun lunsj pause, ingen små pausar. Og eg for min del syns det er mykje teori, og litt for lite øvingar. Men dei øvinga me har er lagt opp på ein veldig god måte syns eg. Ofte på kurs vil ein berre følgje ein guide når ein skal gjere øvingar, men her får ein ei oppgåve, åso må ein finne løysinga sjølv. F.eks var eine oppvåva i går at me skulle lage ein funksjon som tok i mot eit "array" med namn, og reverserte det, utan å bruke den innebygde "Reverse_Array" funksjonen. Spennande og utfordrande.
I dag byrja me og jobbe med databasar, og då var eine oppgåva å skrive ein prosedyre som sletta alle "Avdelingar" som ikkje hadde noken "Ansatte".
Men sjølv om det heile er litt rart og uvant går det faktisk ikkje so verst. Av dei tre som er på kurs er det eg som har fått til flest av øvingane, og han eine studerar faktisk programmering på skulen. Det går vertfall i bra tempo. Boka vår er på 600 side, og me er no ferdige med 200. Men no må eg nesten lese litt på det me gjekk i gjøno i dag, for me får faktisk lekse og nesten. Noko som fører til at det ikkje vert mykje fritid på denne turen, noko som er synd for Hengelo er faktisk ein voldsomt koseleg liten plass.
Til slutt vil eg avslutte med ein liten kodesnutt som tek namnet mitt "Sindre Johannessen" og delar fornamnet og etternamnet inn i kvar sin streng.
String sName sFirstName sLastName
Integer iLength iPosMove "Sindre Johannessen" to sName // Asigns the string to sName
Move (Length(sName)) to iLength // Finds the length of sName and assign it to iLength
Move (Pos(" ", sName)) to iPos // Finds the position of the space between the first and lastname
Move (Mid(sName, iPos, 1)) to sFirstName
Move (Mid(sName, (iLength-iPos), iPos+1)) to sLastName
Showln sFirstName // Prints sFirstName to debug window
Showln sLastName // Prints sLastName to debug window
Sleep 5 // Sleeps 5 seconds to view the debug window
februar 3rd, 2009 - 20:14
Skjønna ingenting av dette eg.. du e flink!
Håpa du får litt tid til å se deg omkring ein dag!
Bilde i Se og Hør vart no fint;-)
februar 4th, 2009 - 10:01
Haha, sjønnte ikkje so mykje eg helde ;P
X-tra sjøte da ho.. Alt sammen faktisk.. Ikkje verst
februar 5th, 2009 - 15:01
Ta med deg bøkene, gå tur til ein koseleg kafé, og les dar! So får du iallfall opplevd litt av Hengelo