Tur til Hengelo
Det vart ein lang tur dette. Eg reiste frå Hafslo i eitt tida, og landa i Oslo 15:20. Flye til Nederland reiste ikkje før 17:30, so eg hadde litt tid på Gardemoen og. Ca. 19:20 sto eg og venta på bagasjen i Amsterdam, og jammen var det kofferten min som var først ut på bandet, fantastisk! Då var det klart for tog til Hengelo. Det gjekk ikkje noko direkte tog på denne tida, so eg måtte bytte i Amersfoort. Det som skulle ha vore 5 minuttar med venting på neste tog, endte med 50 minuttar.
Noko vart veldig klart på desse 50 minuttane. Det er kaldt i Nederland, veldig kaldt! Og eg var ikkje kledd for kulda, det endte med at eg måtte sprette opp kofferten og ta på meg ein gensar utan på skjorta mi
Det endte med at eg ikkje var framme på hotelle før 23:15. Heldigvis hadde eg lagt inn kart over Nederland på GPS-en sånn at eg slapp og leite etter hotelle. - Takk TomTom.
Og hotellet er knall. Utruleg flott rom, og ein heilt OK frukost. Og i morgon har eg store planar om å teste ut badekaret.
Det vart seint i kveld og, so kvifor eg er i Nederland får vente til i morgon. Go natt!








februar 2nd, 2009 - 09:56
Dar såg da jo fint ut. Din heldiggris so e på tur!!
februar 2nd, 2009 - 17:14
ja, ser veeeldi fint ut der =) ekje trankt i vertfall
Savna deg ganske mykje, Xtra og!!