Sindre sin blogg …byggeblogg framover

27jan/098

MacBook «unibody» førsteintrykk

I går kom den nye maskina mi. Og det var kanskje ikkje nokon overrasking at det var ein ny Mac eg hadde bestilt. Og til alle som vurderar å kjøpe ein Mac, ikkje bestill han frå Apple.no. Maskina vert sendt frå utlandet, og leveringstida vert lengre..for lang!

Uansett, maskina kom fram til slutt. Og eg var sjølvsagt like beigeistra som eg er kvar gong noko nytt dukkar opp. Det er ikkje tvil om at å pakke opp Apple produkt er ei oppleving. Alt er minimalistisk og stilreint, sånn som eg likar det. Og første syn av maskina skuffa ikkje, det er ein nydeleg maskin!

MacBook Unibody
Det er ein del nytt på denne modellen eg har kjøpt, som er den dyraste. Han har fått LED skjerm, det meste som var plast er no aluminium, touchpadden er av typen multitouch og har ingen knappar, det er lys i tastaturet, betre skjermkort, større harddisk, elles er det småting. Det er framleis ei ganske tung maskin, men ho har slanka seg litt i det minste, og ho ser no betre ut enn nokon gong.

So langt er det berre velstand med den nye maskina, og me får håpe at dette vert eit langvarig forhold.

Related posts:

  1. R.i.P MacBook
  2. Min nye PC
  3. Eeein liten oppdatering
Comments (8) Trackbacks (0)
  1. Gratulerar med ny mac!
    Har den samme sjølv, og har ikkje funne noko negativt ved han enda! =)

  2. Takk, takk!

    Å gratulera sjøl! E du Apple fanboy no elle?

  3. Gratulerar med ny maskin Sindre!

    Dersom eg hugsar rett, starta du å skriva nynorsk for å betra di skriftlege framstilling før du byrja på skulen att.

    Det er lenge sidan eg klaga no, men du har nokre slurvefeil som ser ut til å henga att frå dialekt ;)

    Til dømes:
    Det heiter «ei maskin» og «utlandet».

    Ellers var det dette med a- og e-endingar. Du nyttar a-endingar når du snakkar, og det ser betre ut å skriva med dei.

    Til dømes:
    «pakka» og «håpa»

  4. Han har vel og skrive «ei maskin» såvidt eg kan sjå. Var ein bommert ein plass, men det heiter «ein mac», som Sindre har skrive.. Om det ser bedre ut me a eller e endingar er vel ei smakssak? :)

  5. Han har retta ser det ut til :)

    Det er klart at ein har lov å skriva båe to. Poenget er at han snakkar med a-endingar. Det er heller ikkje naudsynt at skriftmålet me er så stolte av skal vera mest mogeleg likt bokmål.

    E-endingane, og ein del andre ord har blitt bokmålifiserte med tida. Det er ikkje bra. Sindre er purist og nøyaktig i det meste andre han gjer, då kan han vera det med skriftspråket sitt óg :)

  6. Jau, eg ha nok blitt omvendt med tida! Undrar på om eg skal kjøpe meg iphone og…

  7. Tenkte å kjøpa iPhone eg og, men bli før dyrt… Åso trur eg snart da kjemme ein ny: http://buyersguide.macrumors.com/#iPhone

    Ska vertfall ikkje ha fleire Windows mobila…no e eg lei!

  8. Jepp samma ståa her og! Får vente og sjå te sommaren, helde meg te ipod touchen enn so lenge :)


Leave a comment

Trackbacks are disabled.