Sindre sin blogg …byggeblogg framover

21Nov/085

Ny PC: Asus EEE PC 1000H

Etter å ha solgt begge mine berbare PC-ar (HP 2133 og MacBook), måtte eg skaffe meg ein ny. Eg brukte ein dag på å kikke rundt, og satt at med tre alternativ til slutt. Eg hadde veldig lyst på ein ny MacBook, for siste generasjon MacBook ser fantastisk ut, og er ikkje noko mindre enn eit stykke kunst. Eit anna alternativ eg kom fram til var Dell XPS 1330, dette er heilt klart ei god maskin som ser bra ut. Den siste maskina eg kunne tenkje meg var Asus EEE 1000H, som var det rimelege alternative.

Som eg allereie har avslørt i overskrifta valde eg det rimelege alternative. Eg har jo faktisk planar om å spare litt pengar i tida fram til eg skal studere, og eg tenkte det ville vere eit interessant eksperiment om ein "avansert" brukar kunne klare seg med ein so rimeleg PC.

For den viktigaste forskjellen på 1000H og dei andre alternativa er størrelsen på skjermen og tastatur. Det er ikkje tvil om at liten skjerm er praktisk, men det er og ei nedre grense for kva ein kan bruke. Eg har jo etterkvart våre innom det meste av skjermstørrelsar og håpar 10" kan vere midt i blinken. Men etter å ha brukt den nye maskina no  i kveld merkar eg at det vert litt uvant. Eg er tross alt ganske vekkskjemd når det gjeld skjermar frå jobben. Har no tre skjermar på jobb, noko som gjer meg ei arbeidsflate på heile 4800x1200 i motsetnad til 1024x600 her heime. Det er inga tvil om at dette gjer meg mindre effektiv, men treng eg å vere so effektiv heime?

Det vert spanande og sjå i tida framover korleis dette vil fungere, men eg merkar allereie at eg byrjar å bli vande med tastaturet. Batteri tida på 5-7 timar er og noko eg lett kan bli glad i trur eg.

Denne maskina vart 9-10000kr billigare enn dei to andre, og eg har vanskeleg å sjå at dei skal vere verdt so mykje meir for meg. Men det vil tida heilt klart vise...

asus_eee_100h (1) asus_eee_100h (2)

asus_eee_100h (3) asus_eee_100h (4)

asus_eee_100h (5) asus_eee_100h (6) asus_eee_100h (7) asus_eee_100h

Related posts:

  1. Asus EEE 1000H i bruk
  2. Eeein liten oppdatering
  3. R.i.P MacBook
  4. MacBook “unibody” førsteintrykk
Filed under: Data Leave a comment
Comments (5) Trackbacks (0)
  1. Kelais funka da me 1024 oppløsning i forhold t 1280 pao mininoten?

  2. Da hadde fungert bedre på denna enn minien. 10″ trur eg hadde fungert ypperle me 1280, eg va no egentle fornøgd me da pao minien og, men 10″ e bedre altso.

    Ha no brukt PC-en ein del no, og 1024 fungera faktisk heilt OK.

    Bjøna å fao teken pao multitouchen og no, so da kjemme seg.

    Einaste eg ha å klaga pao te no e høgre shift knapp..tragedie…tragedie..

  3. Grattis me nu pc gammern! Eg ser ikkje noke shiftknapp på høgre siao i heile teke eg.

    De ha ikkje noke halvgamle stasjonere pao jobben din so ska vekk?

    Lapptoppen min ha ikkje noke t overs for 3D-modelering å slekt ser du :P

  4. Takk, takk!

    Shift knappen e plassert pao høgresiao ao opp pili.

    Pao NTP bli maskinedn brukt te di e defekte oftast…so hakje nåke no vertfall.

    Faor no so billige PC-a no atte, kjøp deg ein veit eg.

  5. Kjemme da snart ein oppfølgingsblogg om kelais vidundere fungera i praksis?:)


Leave a comment


Trackbacks are disabled.