Sindre sin blogg …byggeblogg framover

3okt/081

Kva har skjedd i det siste?

Lenge sidan eg har kome med noko oppdatering no, og det har jo faktisk skjedd litt.

Denne veka vart det offisielt. Eg kjem ikkje til å fortsette ved Avery Dennison NTP etter kontrakten min er ute. Sjølv om dei kom med eit voldsamt generøst tilbod i går, måtte eg takke nei. Trur eg hadde angra om eg hadde fortsett, og den sjansen vil eg ikkje ta. No får me berre håpe at eg kjem in på førstevale i 2009 og!

Eg ha sjølvsagt klart å bruke litt pengar i det siste, sjølv om fonda mine rasar :p Har endeleg fått på plass surround igjen. Og det enda med at eg kjøpte KEF KHT-3005SE frå USA. Det var ein lang prosess, og mykje styr. Men prisen vart god, og høgttalerane er eg utruleg fornøgd med! Fantastisk kva desse små krabatane klarar.

DSC_2291 (Medium) (2) DSC_2289 (Medium) DSC_2469 (Medium)

Jeanett og eg har til og med bygd eitt hundehus!! Må sei det vart ganske bra og, trur bebuaren trivest godt!

DSC_2225 (Medium)

Svigers har og fått 5 tyske jaktterriar, noko dei alder har avla før. Dette er nokre fantastiske kvelpar, trur dei kan overtale alle til å like hundar!

DSC_2324 (Medium)  DSC_2340 (Medium)

Related posts:

  1. Siste nytt
  2. Kjevik siste dag
  3. Siste nytt pao bilfronten*
Comments (1) Trackbacks (0)
  1. So kjekt med oppdatering her!!

    Eg kjem heim om to veke, får eg sjå kvalpa dao?? :)

    Ha kje du bilde av da ferdige hundehuset? Med dørskilt og alt? E jo so fint.


Leave a comment

Trackbacks are disabled.