Ny TV, men ikkje Panasonic
Etter å ha venta ein månad på Panasonic TV-en vår vart me leie. Me hadde lyst på ein TV, og det litt kjapt. Pioneer har i desse dagar lansert sin 9. Generasjon med Kuro TV-ar, noko som har ført til at dei førre modellane har gått raskt ned i pris. Pioneer PDP-508XD kosta 47 000,- når han vart lansert, no kostar han 20 000,-.
Det har alder vore noko tvil om at Pioneer har dei beste plasma skjermane, men dei er og langt dyrare enn konkurrentane. Noko som har gjort Pioneer uaktuelt for min del.
Sjølv om 508XD er fjorårets modell er det fleire som meinar han er betre enn den aktuelle Panasonic TV-en. So eg var ikkje i tvil om at 508XD var eit godt alternativ, men som eg skreiv sist hadde eg bestemt meg for ein FULL HD TV.
Det var ikkje heilt lett å kome over full HD komplekse som det vert populært kalla på internett, men det gjekk fint etter nokre dagar. Og som dei fleste av dykk sikkert har skjønna, vart det bestilt Pioneer!![]()
Eg sit faktisk å koser meg med denne herlig heten medan eg skriv dette. Akkurat no rullar sjette sesong med CSI på TV-en, og det ser nydeleg ut! Eg har ikkje fått testa alt for mykje endå, men er oppi 4 filmar til no.
Har testa med litt forskjellige instillingar, men no nyttar eg nokre eg fann via AVForum som ser veldig bra ut. Men plasmaskjermar treng faktisk litt innkøyring før bilete vert 100%, men eg er allereie fornøgd.
Akkurat no trur eg at den gamle Pioneer DVD-spelaren min er det svake ledde, og ved neste lønning investerar eg nok i ein Playstation 3. Trur eg har ein del å hente på HDMI i forhold til komponent som eg i dag nyttar.
Alt i alt har Pioneer laga ein knall TV som eg trygt kan anbefale til andre. Mulig eg kjem med ei lita oppfølging når meir av utstyret er på plass. Nye høgttalerar og receiver er på lista...
* Har sjølvsagt fjerna det forferdelege klistermerk!
Related posts:
June 30th, 2008 - 21:15
Etter at du har gått over til HDMI så går du aldri tilbake!
Blueray spilleren på ps3 har fått bra i test, ikke dyr heller. Blir jo støtte for fler og fler filtyper på boksen også
June 30th, 2008 - 21:38
Ein merkar at du såg CSI medan du skreiv dette Sindre. Her var det ein del skrivefeil:P
July 1st, 2008 - 02:54
Gratulerer med nytt TV. Hehe
July 1st, 2008 - 06:19
Tom André: Eg har faktisk ikkje testa HDMI..bli spennande! Fungera PS3 me HD filma ein lasta ned i x264?
Tore: STFU! :p …grove feil kan du senda te meg so ska eg retta.
Cathrine: Tusen takk! …savna pengane mine
Må sei du e ivrige so lese bloggen min 3 om natta!
July 1st, 2008 - 12:39
Haha… Tv`en vår blei so liten no ;P..
July 1st, 2008 - 18:06
Det er berre å glede seg over skilnaden når ein oppgraderer til Blu-ray!=)
July 3rd, 2008 - 03:56
Haha… Du skjønner jeg har det med det og sitte våken hele natten for tiden.. Får søren ikke sove, så hva skal man ellers gjøre?
Hehe
July 3rd, 2008 - 19:09
Jeanett: Ja, saog litt mindre ut… E faktisk ganske stor forskjell pao 42″ og 50″ folkens.
Tem?: Hadde berre NTP klart å gje meg litt paing snart so kunne eg ha kjøpt meg ain PS3 og….grrr…
Cathrine: Nei, ingenting e som å tilbringa litt kvalitets tid på bloggen min! ..nesten bedre enn å såva