Sindre sin blogg …byggeblogg framover

18mai/080

Har du to PC-ar?

Det har vertfall eg…

Noko som mange irriterar seg over er at desse to maskinen ikkje er ”like”, eventuelt er det noko eg irriterar meg over. Men i går kom eg fram til ei løysing som ser ut til å fungere bra.

image Firefox er vel det programmet eg og dei fleste av lesarane mine nyttar mest. Då er det og fint om ting i Firefox er likt på begge maskinen mine. Det som skal vere likt på maskinene er: bokmerke, cookies, lagra passord og logg/historie. Til dette er det Google som har den beste løysinga med Firefox tillegget ”Google Browser Sync”. Browser Sync er veldig enkelt og sette opp, og du kan bruke din eksisterande Google konto. Anbefalar alle to maskinsbrukarar å teste dette. Det er fint at ting ikkje forandrar seg sjølv om ein flyttar seg til ei anna maskin.

Men det var ein anna ting som plaga meg! Eg fann ikkje alti fila eg trengte. Dette problemet har faktisk Microsoft funne løysinga på. Det vetle FolderShareprogrammet går under namnet ”Windows Live Folder Share” og er sjølvsagt gratis. Dette gjer det mogleg og synkronisere mappe over fleire maskiner. Programmet køyrer i bakgrunnen og du merkar i grunn ingenting til det. Alt du merkar er at når du treng ei fil, so har du faktisk fila. Sjølv om du allereie er ein MSN brukar må du registrere deg for å bruke FolderShare, men alt du må registrer er e-post og eit passord.

Til samen gjer desse to programma at forskjellen mellom MacBook’en og Mini-Note’en min er minimal. Det heile har gjort live mitt mykje enklare. Håpar det kan hjelpe nokon av dykk andre og!

Filed under: Data Leave a comment
Comments (0) Trackbacks (0)

No comments yet.


Leave a comment

Trackbacks are disabled.