Sindre sin blogg …byggeblogg framover

14May/086

I’m a Schmappi…kanskje…

Når eg stod opp i dag hadde eg fått ein e-post frå Emma J. Williams som er redaktør for Schmap.com. I e-posten stod det:

"I am writing to let you know that one of your photos has
been short-listed for inclusion in the second edition of
our Schmap Scandinavia Guide, to be published mid-June
2008."

Eg trudde først det var spam, men det viste seg å vere ei seriøs side, og dei vurderte faktisk å nytte eit av bileta mine frå Flickr. Etter å ha sjekka om sida virka seriøs akksepterte eg avtalen deirast med ein gong, for det hadde jo vore kjekt om dei brukte bilete.

Bilete er av rådhuset i Oslo ved Aker Brygge, og er tatt i 2006 når eg og Jeanett var på tur.

So no må eg berre vente på beskjed frå dei om bilete faktisk vert nytta, noko eg håpar :)

Her er bilete "alle" snakkar om:

430138170_db0edd3e9d_b

Related posts:

  1. Schmap.com og meg
Comments (6) Trackbacks (0)
  1. So kult:-) Fint bilde!

  2. Tøft! Betala dai for da og?

  3. Takk. Bilde tok eg faktisk me Panasonic kamera mitt.

    Di betala ikkje nai. Reiseguideane di laga e gratis, so di ha nok ikkje paing te da.
    Spørs om bilde e verdt so mykje og :)

  4. Spennande graie… Fann derimot ikkje dessa bildi pao Flickr? Sjøl om eg maina eg ha sett da før ain gong…

  5. Nai, da e litt spesielt datta.. Før adle bildi mine pao Flickr e satt te “private”, so eg tenke di kanskje ha ain slags avtale me Flickr so gjere at dei ser alt, men mao spørra aigarane om låv før di bruka da.


Leave a comment


Trackbacks are disabled.