Sindre sin blogg …byggeblogg framover

8May/080

R.i.P MacBook

Eg hadde eigentleg tenkt å blogge litt frå kvar dag denne gongen og, men det skulle vise seg å verte noko vanskleg. Det heile byrja mondags kveld då eg skulle tømme båskorga mi på dataen. Det heile tok veldig lang tid og maskina jobba mykje meir enn normalt. Etter ei stund kom det "klikkelydar" frå harddisken og ting vart ganske ustabile.

Sidan det var nokre månadar sidan forrige omstart tenkt eg kanskje det kunne hjelpe, men maskina hadde ikkje lyst å starte opp att. Etter utallige mange forsøk tok eg kveld, og bestemte meg for å svinge innom Eplehuset, kor eg hadde kjøpt maskina, neste dag.

Hjå Eplehuset vart eg møtt av ein hyggelege kar rundt min eigen alder, som skulle sjå på maskina mi. Det viste seg fort at han ikkje hadde veldig god peiling sidan han måtte spørre kollegaen sin om kommandoen for å kjøyre sjekk på harddisken ($ fsck -fy). Han kobla seg til maskina mi via FireWire og påstod han fekk opp disken og at alt såg normalt ut. Ein anna som jobba der meinte klikkelydane kunne komme når harddisken hadde problem med å finne filer :)

Løysinga i følgje dei var å installere OS X på nytt, noko dei sjølsagt kunne gjere for 590kr, men dei anbefalte at eg gjorde dette sjølv. Eg stillte meg tvilande til denne konklusjonen og krangla litt, men når han sa dei måtte beholde maskina i 3 veker for å skifte disk reiste eg.

På kvelden testa eg maskina litt meir, og maskina vart meir og meir ustabil. Til slutt kom ikkje harddisken opp som eit alternativ i oppstarten, noko som fører til at å installere OS X på nytt vert veldig vanskleg.

Eg bestemte meg for å ta ein ny tur til Eplehuset. Denne gongen sto eg ei stund i kø, og det vart ikkje betre når ei dum kjerring byrja å krangle med meg om kem som hadde stått lengst.... Det var han samme eg snakka med denne dagen, og når eg sa eg hadde prøvd å installere på nytt tok han maskina med ein gong. Virkar som at dette er noko alle må gjere før dei får service.

Grunnen til at det no var greit at dei fekk ha maskina mi i 3 veke får de sjå på laurdag vil eg tru... Har ei lita pakka på veg frå USA, ligg i Bergen i dag. Følg med!

Related posts:

  1. MacBook “unibody” førsteintrykk
  2. wEee…
  3. Eeein liten oppdatering
  4. Min nye PC
Comments (0) Trackbacks (0)

No comments yet.


Leave a comment


Trackbacks are disabled.