Tilbake i tigerstaden
Det er tid for kurs igjen, og denne gongen er det "MS 2400: Implementing and Managing Microsoft Exchange Server 2003" som står for tur. Noko eg ser voldsomt fram til sidan det er noko eg kan veldig lite om. Eg har tukla litt med Exchange serveren på jobb, men Exchange er voldsomt stort og avansert
Litt dumt at Avery Dennison NTP mest truleg skal over på Lotus Notes om ikkje alt for langt tid, men fram til dette trur eg kurset vil kome godt med, og det er uansett go erfaring til seinare.
Var heldig og fekk plass på eit anna hotell denne gongen, og bur no mykje betre enn sist. Eg bur på Thon Hotel Terminus som ligg 10m frå Oslo City..merkar kjøpepresset sjølv på ein sundag
Har ikkje med kamera sidan mor skulle låne det, men sidan bilete allti er moro tok eg nokre med mobilen. Og kan i denne samenheng nemne at kameraet på HTC TyTN II er heilt ubrukleg
Skål for mobilkamera!
Related posts:

May 7th, 2008 - 17:57
Ja, va no mykje bedre hotell no enn sistgang.. Flatskjerm og greie;D… å tre skritt fra Oslo city….uu