MCSA (MS 2273) – dag 2
Eg var like klar i dag, og vakna av meg sjølv 06:00, sidan kurset ikkje byrja før 9 vart det ein lang og god dusj, og ikkje minst ein lang og god frukost. Eg måtte og dra opp min kollega frå senga, sidan mobilen hans hadde tatt kveld i løpet av natta.
Det var modul 3 & 4 me gjekk igjennom i dag. I modul 3 (Managing Groups) såg me på administrasjon av grupper. Meir spesifikt:
- Oppretting av grupper
- Administrera gruppe medlemskap
- Strategiar for bruk av grupper
- Bruk av standard grupper
Mykje av dette kunne eg, men eg lærte faktisk noko her og. F.eks forskjellen på "Local Domain", "Global" og "Universal" gruppe. Noko eg absolutt treng sidan eg jobbar ein plass med fleire domene. Korleis ein bør legge opp grupper har eg heller ikkje vist mykje om. Det viser seg at det er forskjellige standard strategiar ein bør bruke: A G P, A G DL P, A G U DL P og A G L P er dei me gjekk i gjøno. Boka vil og at me skal nytte oss av beskrivande bokstavar framfor alle gruppenamn. Noko eg heilt klart ser store fordelar med, og det er absolutt noko eg vil sjå på i vår bedrift. I boka nyttar ein G framfor globale grupper osv. Me vart og sterkt anbefalt og slutte og bruke "Everyone" gruppa. Eg har alltid trudd at evereyone var alle medlemmar av domene, det viser seg at det verkleg er _ALLE_. Det vil sei alle som kjem med PC-en sin og koblar seg til nette. Bedrifte med trådlaustnett bør vere på pass her.
I modul 4 (Managing Access to Resources) var det voldsomt mykje informasjon, og eg trur neppe eg fekk med meg alt..
- Tilgang til delte ressursar
- Bruk av NTFS rettigheitar
- Frakobla filer og caching
- "Effective permissions"
Her gjekk me i detalj på korleis tilgangar fungerar i Server 2003 med NTFS: DACL, ACE og SID. Og eg fekk ei mykje betre forståing for korleis det heile fungerar. Me såg på korleis rettigheite kan overstyra kvarandre, og korleis ein kan sjekke rettigheitane til ein spesiell brukar på ei spesiell fil eller mappe (genialt!). Noko anna som verka klokt var å nytte AD til å halde styr på delte mappe. Me fekk ein god innføring i NTFS filsysteme, noko eg satte stor pris på. Eg har brukt NTFS sidan det kom, men har aldri vist korleis det heile fungerte, og kva fordelar ein har med det. Eg veit no at NTFS er genialt, og ikkje minst avansert. Det siste var bruk av frakobla filer og caching. Eg har alltid sett på dette som ein irriterande funksjon, men når me dreiv og testa det på kurset i dag slo det meg at me burde bruke det på våre bærbare maskiner. Noko eg vil sjå nærare på i framtida.
Alt i alt er eg godt nøgd med dag 2 av kurset, sidan det var mykje meir nytt for meg i dag. Til no kan eg anbefala MS 2273 hjå Glasspaper for alle som treng litt basis kunnskap.
Related posts:
mars 5th, 2008 - 00:36
Byrjar å komme seg no ja! Struktur og organisering er som dag og natt i ei bedrift, mange gode tips her.
mars 6th, 2008 - 10:55
Høyres nice ut da kurse dar ja. Faor ordentle VGS flashback naor eg lese
Siao du først e ute pao kurs so tykje eg du ska vurdera detta: http://www.linuxdagene.no/ slek atte du kan skaffa deg litt perspektiv
mars 6th, 2008 - 11:02
Btw datta e seff ikkje eit kurs. Eg va pao linuxdagane før eit par aor siao, å da va voldsomt lærerikt. I tilegg so faor du snakka me mange it-folk i store selskap.
Når eg va dar so snakka eg masse me han so va linux sjef i NRK, dei hadde ein rimle heftige serverpark
Å han hadde sjukt skills.
Ledaren før å oversetta linuxting t norsk va dar óg. Eg klagde sjølsagt pao atte da va for lite og for dårle nynorskoversettelse
mars 6th, 2008 - 11:10
Linuxdagane kunne våre kjekt da ja. Men eg føle at eg ha ganske godt perspektiv i grunn, kanskje bedre enn mange andre me samme jobb so meg.
Før no ha da seg slek at eg jobba i ait Windows miljø, men privat e hovedmaskina mi ein Mac, som e basert på Unix. Dan andre PC-en min, ain Eee, bruka eg kun me Linux. Dao bruka eg ain Slackware variant, Backtrack 3.
So eg trukje du ska ve redde før meg.. Eg ha føtidn godt planta i begge leirane.