Sindre sin blogg

3Mar/082

MCSA (MS 2273) – dag 1

Då var kursinga i gang, og alt ser bra ut folkens!

Første dagen var sjølvsagt spennande, og eg vakna 05:30 i spenning. Dagen byrja me at me signerte oss inn og fekk utdelt magnetstripekort til byggningen. Me vart so plassert i eit klasserom med ca. 13-15 plassar trur eg, med kvar vår IBM maskin. Alle maskinene har internett, og det vert nytta Virtual PC til øvingane i boka. Boka ein får til kurset er "2273B: Managing and Maintaining a Microsoft Windows Server 2003 Enviroment", som er ei veldig lettlest og god bok frå Microsoft.

Det er 14 modular i boka, i dag rakk me gjennom 1 & 2. I modul 1 (Introduction to Administering Accounts and Resources) går ein kjapt gjennom dei forskjellige variantane av Windows Server 2003, innlogging på Server 2003 (ja, faktisk),  bruk av "run as" kommandoen, installasjon og bruk av "administrative tools"  og til slutt oppretting og bruk av OU.
Med andre ord var ikkje modul 1 voldsomt vanskeleg. Men det vart ikkje keisamt, og eg hadde faktisk ingenting i mot ein liten gjennomgang av det mest elementere. Enkelte deltakarar brukar sjølvsagt lenger tid på øvingar enn andre. Men det heile er voldsomt lite høgtidleg, og eg fekk ingen reaksjonar når eg leika litt med MacBooken mens eg venta. Og sidan kursleiaren var ein gamal Unix brukar, tok me sjølvsagt ain prat om OS X og Linux.

I modul 2 (Managing User and Computer Accounts) såg me på: oppretting og endring av brukarkontoar og maskinkontoar, lage "mal" kontoar og lage spørringar (queries) i AD. Her var det heller ikkje mykje nytt for min del, men noko var det. Spesielt likte eg at ein kan bruke cmd til å administrere AD. Tanken hadde eigentleg alder slått meg, men kommandoar som dsquery, dsmod, dsadd og dsrm. Det er sikkert nokre fleire, men det er dei eg hugsar i farta. For meg som lagar litt script i ny og ne, er dette fantastisk!

Dette var alt me rakk i dag, men eg syns me er godt i gang. Og er fornøgd so langt.

Related posts:

  1. MCSA (MS 2273) – dag 2
  2. Tilbake i Oslo
  3. Toshiba NB200
Tagged as: Leave a comment
Comments (2) Trackbacks (0)
  1. Nett høvelege ting det der, ikkje so frykteleg avansert, men det kjem nok! Får vel ikkje ein gjennomgang av Win Server 2008 med tid og stunde i det kurset heller?

  2. Nei, MCSA er heller ikkje voldsomt avansert. Men eg trur det er lurt og få med seg det grunleggande..

    MCSA er for Win 2003 server, men eg har meldt meg på release party på 2008 server på onsdag, og vil då få ein gjennomgang av nokre funksjonar.
    Meir om det finn du her: http://www.glasspaper.no/kampanjer/heroes.aspx


Leave a comment


Trackbacks are disabled.