Tilbake i Oslo
Heldigvis styrtar ikkje alle Dash 8 fly, for eg har faktisk kome fram til Oslo! Jepp, og turen tok ikkje meir enn 45 min. Fly er ein fantastisk ting, når dei fungerar. Flytoget fungerte sjølvsagt kjempe fint, og me kom til hotelle utan noko problem på turen.
Me er so heldige at me har fått plass på eit nydleg hotell mitt i Oslo sentrum. Hotellet ved namne "Thon Hotel Astoria" har verkleg byggd eit mesterverk av eit hotel. Det er faktisk fyrste gong eg har sett denne romløysinga i bruk på eit hotel. For på Thon Hotel Astoria kan du faktisk dusja og pussa tennene dine samstundes som du kosar deg på dass. For dei som ikkje aner ironien her er ikkje dette eit fyrsteklasses hotel, det er av typen økonomi
Men eg skal ikkje klage for mykje, for det er absolutt meir enn godt nok. Eg har seng, TV, dass og dusj.
For dei som ikkje har vore i Oslo på ei stund, sånn som meg. Kan eg fortelje at tigerstaden ikkje har forandra seg mykje. Heile byen er fortsatt stygg, og ser framleis ut som ein gigantisk byggjeplass. Heldigvis er innsida av Egon resturant fin-fin!
Dei ivrigaste av lesarane mine har vell fått me seg at eg er i Oslo for å bli kursa på Windows Server 2003. Noko eg skal vere kvar dag frå 9 til 4 denne veka. Veit ikkje kor intereserte lesarane mine er i MCSA, men eg kjem nok til å skrive noko om kurset ja =) Tjohei!
Related posts:
mars 2nd, 2008 - 20:39
Var i oslo i veke 4. Da tok flyturen 30 min. due to medvind=D Opplevelse:p
mars 2nd, 2008 - 22:11
HEi pao deg, ja men me vatt no mette pao Egon.
Håpar at du vert fornøygd med kurset, lukke te.
Reise te København i morgon, kun dagstur.
Moro å lesa om bilkostnadane dine, mine ha gaott ned, kan nokon skjøna korleis da heng saman – særleg bensinutgifter…………………
Bil e dyrt ja, da sa eg te deg, men no ha du nerka da
mars 2nd, 2008 - 22:13
HEi, ja da va no eg so skreiv siste meldinga, og ikkje du Sindre te deg sjølv – trur eg dao
mars 3rd, 2008 - 07:27
Dagens norskundervising:
Du gløymer t-en i slutten av ein del ord, det er jo fort gjort sidan den er stum, men hugs på at det til dømes heiter namneT og hotelletT.
I tillegg så ligg nok ikkje hotellet ditt mitt i sentrum, men miDt i sentrum.
Hadde hotellet MITT eksistert hadde det nok ikkje liggje MIDT i sentrum.
Så har dei nok ikkje byggd eit meisterverk, men faktisk bygd det.
Det er vel kanskje nok å tenkja på for denne gong.
Flott å høyra at du er så entusiastisk over å vera tilbake her i byen
Sjåast!
mars 3rd, 2008 - 11:04
Lenge sidan eg har vitja denne bloggen! Ser at du har litt skriveleifa ute og går kar, var det ikkje meininga å skrive så korrekt som mogleg?
Det er berre å skrive så mykje du kan om korleis det er med MCSA, har nemleg sjølv tenkt å ta det!
mars 3rd, 2008 - 11:13
Bra at det ikkje berre er eg som rettar skrivefeila
Det kan nesten sjå ut som om du har tatt litt skade av å skriva dialekt i alle desse åra, Sindre.
Sidan Ann Kristin ikkje har bemerka det så er det vel ikkje sikkert dette er feil, men likevel.
- Komme fram, ikkje kome fram
- Så ikkje so
Til slutt. Eg er ikkje ferdig med å masa om a-endingar. Det er mykje finare
mars 3rd, 2008 - 14:06
Eg e`kje akkurat noke ekspert på rettskriving,men..
ein skrive vel kome på nynorsk..
Kan se ut som du berre har gløymd t-en i hotelet siden du har den med ein plass.
Og så har du skrive nydleg,men der og har du sikkert berre gløymd e-en i nydeleg.
Håpar du får eit fint opphald i Oslo!
mars 3rd, 2008 - 15:16
Mette har heilt rett. Det burde eg sjekka før eg klaga på. Ein kan skriva begge delar
«So» er óg heilt rett…. Så er bokmål ser det ut til.
Flink Sindre
mars 3rd, 2008 - 21:00
Kjell Magne: Imponerande… 30min jøss… skummelt lite!
Mykje mas om rettskriving her ja.. Eg trur kanskje nokon av lesarane her trur eg les i gjøno ting før eg trykke «Publish», noko som ikkje er tilfelle! Eg skriv so fort eg berre klarar, og trykker publish med ein gong eg har satt siste punktum.
Men rettingar er sjølvsagt berre å kome med.