Sindre sin blogg …byggeblogg framover

27feb/080

Kva framtida bringer

Eg har pr. i dag ein muntleg avtalen med Avery Dennison NTP på at eg skal jobbe minimum 1 år. Ein picture-2.pngkontrakt er under arbeid, men det gjenstår noko arbeid endå. Kontrakta er viktig for meg som ein garanti på kursing i tida framover, sånn at å arbeide vert eit godt alternativ til skule. Kontrakta er viktig for bedrifta for å få noko igjen for invisteringa si, for eg må bitte meg i  1 år for kvart kurs eg takkar ja til.

Det høyres kanskje mykje ut for mange med 1 år, men når ein ser prisen på kurset eg har takka ja til, kan ein lett forstå det. Det eg allereie har takka ja til er MCSA (Microsoft Certified Systems Administrator) kurs, som fører fram til MCSA sertifisering. Første delen av kurset skal eg byrje på allereie neste veke. Då skal eg vere på kurs hjå Glasspaper i Oslo heile veka. Berre desse dagane kostar 17 500,- + reise og opphald, totalprisen for MCSA kjem på godt over 50 000,-. Eg gledar meg voldsomt til å ta fatt på kurset, og har store forventningar. Stryk prosenten på MCSA eksamen er voldsomt stor, men eg håpar verkleg eg står sånn at eg kan kalle meg MCSA om ikkje alt for lang tid.

Akkurat no trivest eg godt hjå NTP, og har ingen problem med å seie ja til å jobbe der 1 år. Har og tenkt på å skaffe meg ein leilighet i framtida, men dette vert litt fram i tid...om det vert noko av i det heile..

Det var vell eingentleg ikkje so mykje og fortelje dette...

Related posts:

  1. MCSA (MS 2273) – dag 2
  2. Tilbake i tigerstaden
Tagged as: , Leave a comment
Comments (0) Trackbacks (0)

No comments yet.


Leave a comment

Trackbacks are disabled.