Sindre sin blogg …byggeblogg framover

19feb/085

Kva det kostar med bil

Når eg kjøpte meg bil var eg fullstendig klar over at det ville kosta meg nokre kroner i ny og ned, men at det skulle bli sooo dyrt overaska meg litt.

Bil inkl.omreg.:  75 000
Nye vinterdekk:  5 195
Service:  5 781
Årsavgift:  2 660
Forsikring:  16 000
Totalt:  104 636

Det er mykje peng dette. Servicen eg har vore på vart det og funne ein del feil som ikkje er retta endå, avventar for å sjå kva som vert dekka av garantien. Men eg håpar at utgiftene ikkje kjem til å stige meir, og at eg slepp alt for mykje tull med bilen. For det er faktisk meir enn dyrt nok med ein bil som fungerar.

Related posts:

  1. Ny bil & jobb
Comments (5) Trackbacks (0)
  1. Dyrt me bil ja :)

  2. Du kunne kutta ein del trur eg. Testvinnar-vinterdekk er ikkje naudsynt. Held med deg i at gode dekk for trygg framferd er viktig. Men du hadde greidd deg like godt med eit sett billigare dekk.

    Har du forsikra den på din far? Eg betalte litt mindre enn det når eg forsikra min på meg sjølv. Det vert mykje rimligare å forsikra den på ein som er ein del eldre, og har litt bonus å avsjå. Då kan du berre kryssa av at bilen skal køyrast av nokon under 21. Du får ikkje bonus sjølv men.

    Du betalar truleg ungdomstilegg, eg veit ikkje om alle forsikringsselskap er like, men Gjensidige betalar dette attende ved skadefri køyring fram til du er 23, eller sel bilen.

    Alle utbetringar du kan gjera sjølv sparar ein mykje verkstadutgifter på sjølvsagt. Viktigst av alt, du treng ikkje ha ein så gammal bil på merkeverkstad, dersom du har gjort det. Berge er dritdyrt og har dårleg kundeservice i høve til mange andre verkstadar i området. Eg sparte nesten 1000 kr på å ta tre telefonar når bilen måtte på forstillingskontroll.

    Det er ikkje mykje som er dyrare enn originale VAG deler, sjølv om dei ikkje nødvendigvis er betre enn andre.

    http://www.norskbildelesenter.no <– Her finn ein ein del billige deler. Dersom du framleis vil ha den på verkstad sparar du likevel mykje på å kjøpa delane sjølv.

  3. Er det noko eg ikkje angrar på er det dekka eg kjøpte! Dei er heilt fantastiske.. Eg har kjøyrt rimeleg hardt at og fram til Gaupne, og bilen har ikkje sleppt ein einaste gong… Nydlege dekk!

    Bilen står sjølvsagt på meg, hadde spart mykje om eg hadde satt han på far, men ein gong må eg byrje å spare bonus…
    Ungdomstillegget eg får igjen av Gjensidige er på skarve 1200kr trur eg..

    Servicen hadde eg hjå Toyota Sogn (gml. Anibil). Har høyrt verkstaden i Gaupne skal vere billig og bra, muleg dei tek min neste service.

  4. Du ha gløymt bensinkostnaden:-)

  5. Bensin ligge pao 200-300kr i vekao… Skyt meg!


Leave a comment

Trackbacks are disabled.