Sindre sin blogg …byggeblogg framover

6feb/084

wEee…

I dag kom det ein pakke som har reist heilt i frå Taiwan berre for å møte meg. Eg må sei eg var litt redd for at han hadde sendt meg ein stein, men det heile gjekk veldig bra. Eg måtte diverre betale litt toll på pakken, men det vart kun 300kr. Som alle veit elskar eg å få nye pakkar og opne dei. Sidan eg ikkje er av den egoistiske typen tok eg sjølvsagt nokre bilete av seansen. Vart litt ymse kvalitet på bileta, men dei får duga!

asus_eee01.jpg asus_eee02.jpg asus_eee03.jpg asus_eee04.jpg asus_eee05.jpg asus_eee06.jpg asus_eee07.jpg asus_eee08.jpg

Grunnen til at det tok so langt tid var at Asus har litt leveringsproblem med den versjonen eg hadde bestillt. Til slutt valde eg å takke ja til tilbudet hans om ein 4G med 2GB minne og 8GB minnekort i staden. Det var nok han som tente på det bytte, men eg var lei av å venta. Det vil sei at maskina mi no har: 2GB RAM, 4GB internminne, webkamera og 8GB SD-kort.

Eg har ikkje fått brukt ho so mykje i dag, men Xandros gav meg sjølvsagt problem med ein gong. Det viser seg at ein del linux driverar ikkje likar WPA passord på meir enn 63 tegn, mitt er sjølvsagt 65. Prøvde å fikse problemet sånn som det stod forklart på diverse fora, men det endte med at eg måtte endre passordet på aksesspunktet. Dette fekk meg til å tenkje på kva OS eg skulle ha på denne maskina.

Det ser ikkje ut til at Xandros vert liggjande lenge. Eg vurderar XP, Backtrack 3 eller Kubuntu/Ubuntu. Men eg veit rett og slett ikkje om eg gidd å bruke tid på å sette opp noko Linux...

Til slutt må eg leggje til at maskina var overaskande lita. Eg viste jo sjølvsagt kor lita ho var utifrå bileta og måla, men eg vart framleis overaska...noko eg trur alle som ser han vert. Go natt... Kjem nokk meir i framtida om Eee!

Related posts:

  1. MCSA (MS 2273) – dag 1
Comments (4) Trackbacks (0)
  1. Va jekla liten ja. Men tykte han va nåke tjukke bak, also dar «haingsli» te skjermen e.

  2. Ja, han e tjukke dar.. Da e batteri so gjere han tjukk dar.

  3. Ha køyrt Ubuntu uten noke problem ei heil stund no. Lika da mykje bere enn både XP og Vista. Ha alder hatt noke problem med dan pao WLAN. KDE e faktisk bjønt å bli nesten lika bloata so GUI t XP/Vista. Likte rett å slett ikkje KDE 4.0 (tok meg ca 4 min å trekka dan konklusjonen so da e muligens forhasta)

    Mule da e litt ekstra stress med danna siao dan sikkert e litt spessiell.

    Norsken din kjemme seg óg tykkje eg. Men du bruka fremdeles e-endinga, da e beint fram stygt :P

  4. E da ainkelt å kobla te WLAN me WPA-kryptering i Ubuntu?

    …du faor kjøyra XFce du…


Leave a comment

Trackbacks are disabled.