Sindre sin blogg …byggeblogg framover

13jan/085

Kven er CHING FENG YANG? Og kvifor tek han 3 137,13 kr frå meg?

Ja, dette lurer eg på. No har akkurat ein mann med det fengjande namnet CHING FENG YANG (eit lite "ordspel" der ja) teke denne summen frå meg. Det tek vell nokre timar før han får summen sidan han har adresse i Taiwan, men pengane har i alle fall forsvunne frå min konto.

Mange av dykk lurer nok på kvifor eg har gjeve denne mannen alle desse pengane, men dei fleste av dykk gjer nok ikkje det...Uansett.. Det er mogleg at eg har utført eit aldri so lite spontan kjøp i kveld. Eg er no nemleg den lukkelege eigaren av ein Asus Eee. Det vil sei eg har betalt for han, og håpar denne flotte mannen frå Taiwan er snill og sender ein til meg.

Asus Eee er ein berbar-PC, men det er ikkje ein typisk berbar-PC. Han veg nemleg kun 0,92kg, og er ikkje mykje større enn eit DVD-cover. Eee kjem i fleire versjonar, eg har handla den beste som kjem med 8GB "harddisk" og 1GB med minne. Skjermen er på 7" og har integrert webkamera. Ein spenstig liten krabat med andre ord!

Legg ved nokre bilete sånn at alle kan sjå kor sinnsjukt lita denne maskina er. Kjem sjølvsagt til å leggje ut mine eigne bilete når min kjem.

 

 

Bileta er henta frå: http://www.flickr.com/photos/eeeuser/

Comments (5) Trackbacks (0)
  1. Saog jekla raoe ut danna. Ainaste eg tykte va løge va at biletet pao skjermen dekka so lite, svarte kanta rundt also… Ebay du kjøpte han pao elle?

  2. Ja, bli bra! =)
    Da ser litt løge ut ja, men sekje so gale ut pao dan eg kjøpe siao dan e svarte. Å da so e pao siao ao skjermen e høgttalera, so da ekje hailt ubrukt plass.

    Ebay ja.

    Di va tomme før dan eg ville ha pao lager no, so eg fekk tilbud om å ta 4GB versjonen, men eg valgte å venta. Skulle fao inn 22.jan so..

  3. Eg har ein generell kommentar. Flott med tagsruta t høgre her, men eg klikka pao «humor», å dar va da berre eitt inlegg. Sindre, no tykje eg atte du ska fao røvi i gir å adda litt humor i kvardagen t deine trufaste lesara ;)

  4. Ha du fått dan vetle PC’en no?

  5. Nai, men han raiste me fly frao Taiwan i jaor.

    Rekna me å ha han te me ska te Gol, so dao ska eg ha han me meg!


Leave a comment

Trackbacks are disabled.