Sindre sin blogg …byggeblogg framover

21des/072

Sivilteneste – FERDIG!

I går var ein stor dag, det var min siste dag som sivilarbeidar. Dette betyr at eg endeleg kan byrje å få vanleg løn for jobben eg gjer. Men eg er på inga måte misnøgd med tida mi som sivilarbeidar, og har inga problem med å anbefale andre denne vegen.

På den tida eg har vert på AUS har eg lært veldig mykje. Når eg byrja der hadde eg eigentleg veldig lite erfaring me store nettverk, og var litt "redd" det skulle bli for avansert det eg skulle drive med. Det viste seg at det meste var enkle ting, og det som var nytt lærte eg voldsamt fort sidan eg jobba tett saman med andre dyktige folk. Det var då spesielt den forrige sivilarbeidaren Daniel eg lærte mykje av. Han ligg nok fortsett eit stykka framom meg innan enkelte felt, og han har nok masse meir han kunne lært meg.

Når eg tenker over det hadde eg inga erfaring med Windows Server før eg byrja der, og dei siste dagane har eg skrive eigne GPOar. Og eg har faktisk fått utretta litt i mi tid på AUS og. Eg og Daniel var den siste tida dei mest kreative på denne avdelinga i mi meining. Me var opptekne av å gjere ting enklare, ryddigare og meir effektivt. Sjølv om det var mykje me kun snakka om, og aldri gjorde noko med, gjorde me og mykje bra syns eg. Dette vart ytterlegare bekrefta i talen til sjefen min på avslutninga mi, kor den yngre garden hausta mykje skryt!

Tida eg likte best på AUS var når arbeidet var mest variert, og det har det absolutt vore i det siste. Dei 2 siste dagane var eg f.eks hjå patologen og skifta alle maskinene i lag med Daniel. Og sjølv om me har skifta fleire hundre maskiner var det litt moro å gå rundt på ein sånn plass.

Eg kjem til å sakne IKT-sentert ved AUS...

Related posts:

  1. Siste gavl ferdig
  2. Ferdig ventilasjon
  3. Karnapp ferdig
Comments (2) Trackbacks (0)
  1. So bra du har hatt ei fin tid lillebror:-)
    Fin erfaring å ha med seg sikkert!
    Og so har du jo fått opplevd å bu i Oslo; synd du ikkje utforska byen meir,for det e ein fin by:-)

  2. Eg keiar meg, så eg dristar meg frampå for å klaga litt på rettskrivinga di.

    Me skriv «vore» ikkje «vert». Dvs du kan skriva «vert» istaden for «blir», som i «eg trur eg vert sjuk.»

    Eg veit eg har klaga på e-endingane dine, men «stykka» vert feil. Han vart stykka opp med kniven, like etter var eg eit stykje på veg :P Morbid rettskriving er moro :P


Leave a comment

Trackbacks are disabled.