9des/074
Min første bil!
Då er bilen komen til Hafslo, og eg reknar med de alle har lyst å sjå nokre bilete av vedunderet!
Bilen står no og kosar seg på 15" felgar, til somaren kjem han til å trille rundt på 16". Akkurat no er det kassettspelar i bilen, men denne kjem til å bli bytta innan kort tid. Har litt problem med å bestemme meg for kva eg skal sette inn, men eg har eit par kandidatar: Panasonic CQ-C3355N, Alpine CDE-9881RB.
Eg hadde litt problem over Hemsedal når eg skulle heim til helga, kjem derfor til å invistere i nye vinterdekk trur eg. Kjem då til å gå for testvinnaren til Motor.no, Gislaved Soft Frost 2 (piggfrie).
Ellers er eg nøgd med bilen. Han er god å køyra og ser voldsomt bra ut.
Related posts:
desember 9th, 2007 - 23:12
bilen e kjempe fin
X-tra kjem til og lika seg baki dar og trur eg
Bra du e førnøgd.. =)
desember 11th, 2007 - 13:49
Fin bil ja. Dersom ikkje x-tra kosar seg der tykjer eg du skal gi ho ein leksjon i kva som er god bil og ikkje.
Sikkert bra begge cdspelarane, men begge ser ut som kontrollpanelet i eit romskip….
Så vidt eg kan sjå feilfri tekst óg. Bra!!
Eg er framleis ikkje nøgd med at du skriv; kjøpe, trille, bestemme, sette osv.
Typisk at Ann Kristin ser feil eg har oversett
Det er fullt lovleg men dersom ein skal vera litt purist, så er det ikkje ordentleg nynorsk. Skriv dei orda slik som du uttalar dei, kjøpa, trilla, bestemma og setta.
Då høyres det ikkje ut som om du har bokmål midt i teksten din
desember 11th, 2007 - 23:49
Hehe… eg fann eit par feil ja..
Da heite køyra, og ikkje kjøyra. So heite da eit bilete og fleire bilete, ikkje fleire bileter.
Ellers so e eg heilt einig angåande verbendingane, skriv -a endinga Sindre!! Fyrste i staden for første og difor i staden for derfor e og finare syns eg
Ellers bra, Sindre!
Fin bil foresten.
desember 17th, 2007 - 21:19
E ha feit cd-spelar te deg viss du ve ha.
Pioneer DEH-P7700MP – 1800kr. Feit, feit, feit, feit.