Ny bil & jobb
Min nye bil er no ein Audi A3 1.8l 1997 mod. Det tok litt tid, men eg har tru på at dette er eit godt kjøp. Bilen er ikkje gått meir enn 120000km, og sidan eg handlar gjennom forhandlar får eg 3mnd garanti. Eg har ikkje vert å sett eller prøvd bilen, men eg har prøvd A3 før og reknar med det er mykje likt. Min far var innom for å sjå bilen på veg til Gol i dag, og han sa alt såg bra ut!
Eg er sjølvsagt veldig spent på min første bil, og håpar at eg får ordna alt til fredag sånn at eg kan køyre han heim. Dei har ikkje klart å leggje ut bilete av bilen, men eg skal SJØLVSAGT ta bilde når eg får henta han. Dette vert knall..håpar eg!
Men eg har meir nytt eg! ...Ny jobb! Eg er straks ferdig med siviltenesta mi, og har tenkt å arbeide fram til eg skal studera. Aker Universitetssykehus har tilbydd meg jobb, men det har og Avery Dennison NTP AS. Eg takka ja til den siste. Det var fleire grunnar til dette; Jobben virka meir variert og spennande, det er eit mindre føretak, eg får flytte heim og avdelinga virka samde om mange vesentlege ting.
Min dimmisjonsdato er 16.01.2008, men eg kjem til å søkje førtidsdimmitering pga. jobb. Grunnen til dette er at IT-avdelinga på Paxar skal starte opp med eit prosjekt 02.01.2008.
Eg håpar og trur eg kan få ei lærerik tid på Paxar, og kven veit kor lenge eg vert verande der...
* Takk til alle som har vore til hjelp med å finne bil!
Related posts:
november 27th, 2007 - 19:38
Til lukke med biljøp!! Håpar du og bilen din får mange lukkelege stunder saman. Eg er òg sjeleglad for at du ikkje handla deg ei vasketvåge.
Btw. eg trur ikkje ein kan skriva «har vert» på nynorsk.
november 27th, 2007 - 19:43
Takk, takk! Rekna me du ska ve me pao ain rånetur snart :p
Eg trukje ein kan skriva biljøp helle :p Kå ska eg skriva dao? vore?
november 27th, 2007 - 21:39
Gratulera so mykje me bilen & Jobben, bli godt å fao deg haim..:)
Gleda meg t å få køyran t sommaren (A)
hihi…
november 27th, 2007 - 23:08
Gratulera med bil!
Masse kosta den?
november 27th, 2007 - 23:10
Eg får leita fram nokre kasetta til deg da;-)
november 28th, 2007 - 13:01
Takk, takk!
Jeanett… bilen e MIN! Du ska fao låv å sjao pao meg når EG kjøyre..
Mette, rekna me han kjemme pao 75000 inkl. reg.
Kasettane kan fao låv te å ligga trur eg.. Ha allerede bjønt å sjao itte CD-spelar
november 28th, 2007 - 15:05
;O
november 29th, 2007 - 19:43
Da e da eg seie, eg klare ikkje retta noke utn å skriva feil i kommentaren.
«Har vore» kan du skriva, ja. Samstundes e eg usikker pao om «har vert» e feil, ld om da e godkjennt samnorsk
november 29th, 2007 - 21:33
Du må skriva «har vore»!!
Gratulera med både bil og jobb! Men du, e du klar øve at ny jobb heima vil sei at vårt sambuarskap går mot slutten? E dan nye jobben verkeleg verdt da?