Sindre sin blogg

29Jun/102

Siste teikningar

Førre helg fekk me beskjed frå kommunen at huset sånn som me hadde tenkt det var for høgt. Dette kom litt som eit sjokk, og me vart voldsomt fortvila med det same. Heldigvis var det ikkje dei store forandringane som måtte til, og me er framleis nøgde med huset.

For i dag kom nemleg dei nye teikningane. Det betyr at me endeleg kan byggjemelde huset, og starte med gravinga. Håpar berre at det vert godkjent før alle tek ferie...

Filed under: Bolig, Livsstil 2 Comments
11Jun/100

Tilbod frå L.E Installasjon

Tilbode på EL installasjonen kom som avtalt i dag, men var ikkje heilt som me hadde håpa...

Prisen var på heile 206 423,-

Dette høyres kanskje ikkje so mykje ut for eit heilt hus, men når prisen for heile huset me har fått kun innkluderar 100 000,- vert jo huset 100 000,- dyrare plutseleg.

So noko må gjerast.

Me har satt opp alle downlights til å vere LED. Endrar me dette til halogen sparar me nesten 30 000,-.

Ellers er det rekna med 173 punkt. Kvart punkt kostar 619,- so her må me fjerne ein del skal det gjere utslag.

So løysinga vert nok å gå over til halogen på alle downlights, og kutte ned antallet. Det er satt opp 55 stk, kan sikkert fjerne 10-20 av dei.

*Alle prisar er inkl. mva.

9Jun/101

Me skal byggje Rondane 2 frå Idéhus

Etter mykje planlegging og tenkjing har me no bestemt oss for å bygge huset Rondane 2. Det har vore snakk om andre hus óg, men me enda opp med dette sidan det gav oss mest hus for pengane.

Sjølv om me var voldsomt fornøgd me huset sånn som Idéhus hadde teikna det, har me forandra litt. Under ser de korleis fasaden ser ut originalt.

Me fekk eit utkast førre veke, men det viste seg at dei hadde gløymt nokre ting. I tillegg so valde me å legge til eit par ting til. Håpar at me får siste utkast denne veka, sånn at me kan byggemelde huset til kommunen. Skal legge ut teikningane når eg får dei.

Går óg å ventar på eit pristilbod frå L.E Installasjon som dei håpa å ha klart til fredag. Er voldsomt spent på kva dette kjem på sidan me satte opp utruleg mykje LED belysning.

Tomta er nr. 1 på dette bilete (760m²):

So snart kommunen har  motteke byggjemeldinga vil FS Anlegg starte med opparbeiding av tomta, og huset skal etter planen vere ferdig utvendig før snøen kjem, og heilt ferdig rund mai 2011.

So då er det berre og førebu dykk på eit voldsomt husbygge fokus her framover :)

11Feb/103

Tur til Island

Reykjavik

Då er eg tilbake i Noreg, og klar til å dele nokre tankar om dette flotte landet medresten av dykk.

Reise til Island gjekk med SAS for vår del, men søstera mi nytta seg av Icelandair. Det er ikkje tvil om at Icelandair er det beste alternativet. Dei kunne nemleg skilte med eigen skjerm i kvart sete, kor ein kunne velje blant forskjellige filmar. SAS hadde ingen skjermar.

Me hadde bestilt leigebil for heile opphalde, so når me landa stod det ein kar og venta på oss. Han køyrde oss til bilane, og etter litt formalitetar var me på veg til hotellet i Reykjavik.

Valet av hotell fell til slutt på Center Hotels, Hotel Arnarhvoll. Dette skulle vere eit moderne hotell med OK standard. Det levde vertfall opp til mine forventningar. Ikkje minst var det fint med fri tilgang til tyrkisk bad, som viste seg å vere utruleg avslappande.

Me tilbrakte ein god del tid i hovudstaden Reykjavik. Dette er ikkje noko spesielt stor by, men ein særdeles triveleg by. Byen er rein og fin, å ikkje minst er det veldig greitt å ta seg fram med bil her.

Det beste i Island må ein diverre reise litt lengre for å finne. Då snakkar eg sjølvsagt om desse varme kjeldene som av og til har utbrot. På fagspråket heiter dette ”Geysir”. Dette var fantastisk å sjå, og Strokkur imponerte stort.

Ein anna ting ein berre må oppleve på Island er ”Den blå lagune / Bláa lónið”. Å bade ute når det er 2° i lufta og 30°-48° i vatne er faktisk heilt OK. Med fargen på vatne og all dampen vert det ein utruleg spesiell atmosfære, det heile er utruleg avslappande. Me tok faktisk to turar til ”Den blå lagune”. Det kostar litt, men er absolutt verdt det!

So dette var litt kort om vår tur til Island, eit land eg absolutt vil anbefale alle som har anledning til å besøkje.